Eg skreiv før vi reiste frå Bergen at eg ville skriva frå turen og legga ut bilde i bloggen, men det var ikkje så enkelt, det. Både bloggen, Facebook og YouTube er blokkert i Kina, så der har vi eit mål på kvar dei står i dette gigantiske landet når det gjeld ytringsfridom. På flyet austover frå Amsterdam for vel ei veke sidan las eg også om den blinde mannen som hadde protestert mot Kina sin politikk med tvangsabortering av kvinner som er gravide med barn nummer to, og som har vore fengsla og forfølgd av styresmaktene. Eg ser no at ABC Online under overskrifta Blind activist Chen Guangcheng to leave China
skriv at Chen skal få opphald i USA og skal reisa dit.
Den andre store negative overraskinga i Beijing var den dårlege luftkvaliteten. Byen er hardt plaga av smog, og då vi var der, var det stort sett skyfri himmel og rundt 30 grader, men på grunn av den nesten ugjennomtrengelege disen såg vi berre sola i beste fall som eit diffust lysande punkt på himmelen.
Meir om heilt andre og positive opplevingar i og nær Beijing kjem her seinare.