søndag 26. desember 2010

Kva er det med Odda (”Riv heile skiten”)?

I 1870 reiv dei den gamle steinkyrkja på Almerket for å erstatta den med ei kyrkje bygd i tre. Trekyrkja står der framleis, men er ikkje så oppsiktsvekkande vakker at ho den dag i dag forsvarer å ha fortrengd den gamle, frå 1300-talet.

I 1972 reiv dei Folkets Hus, eit monument over mange tiår med hardt fabrikkslit og fagforeiningsarbeid, og erstatta den bygningen med kooperasjonen sitt nye, flotte kjøpesenter.

I 1977 reiv dei gamle Hotel Hardanger, den største trebygningen i sveitsarstil i Nord-Europa. Den erstatta dei med ein steinpark.

Frå 2003 gjekk dei i gang med å riva smelteverket. Til no har dei klart å få bort ovnshus 1, ovnshus 2, kjølehallen og ei rekkje andre meir eller mindre ’stygge’ bygningar. Førebels har dei ikkje erstatta det rivne med noko som helst, men det seiest at det skal koma eit stort kjøpesenter der. Og riksveg tvers gjennom tomta.

I 2010 vedtok dei ein reguleringsplan for smelteverkstomta som fekk riksantikvaren til å ta Odda ut av regjeringa sin søknad om verdsarvstatus. Det er nesten for utruleg til å vera sant. Men det er visst sant. Odda hadde kome i posisjon til å søka om å få verdsarvstatus som industristad, og så er det nokon som forkludrar alt saman ved å leva og handla etter denne merkelege regelen ”Riv heile skiten” (sagt om bygningsmassen på smelteverkstomta).

Er dei kloke, dei som styrer i Odda? Er dei kloke nok til å ta ansvar for arven frå fortida? Er dei kloke nok til å ha ansvar for framtida for Odda? I om lag hundre år var Odda ein stad der naturressursar gjorde det mogeleg for kapitalkrefter, ingeniørar, arbeidarar og familiane deira å bygga opp eit nytt samfunn og å driva pionerverksemder innanfor industrien. I hundre år levde og voks Odda-samfunnet, og vart til det det er i dag – delvis eit eks-industrisamfunn som leitar etter den nye identiteten sin. Frå heile dette tidsspennet finst det massevis av spennande stoff om store og små hendingar og om livet i Odda, som enkeltpersonar og organisasjonar har gjort verdifullt arbeid med å leita fram, ta vare på og dokumentera. Smelteverket i Odda står sentralt i alt dette, som industriverksemd, som arbeidsplass og som inntektskjelde som gav hus, mat, klede og varme til hundretals av familiemedlemmer opp gjennom 1900-talet. Er dette verdifullt? Bør dette takast vare på?

Odda har også ei interessant historie frå tida før industrialiseringa, den siste delen av 1800-talet. Kan denne epoken gi Odda råd i dag om vegen vidare? Kan det vera slik at det kanskje ikkje er det beste å riva heile ”skiten” på smelteverkstomta for å bygga stort kjøpesenter og riksveg tvers gjennom? Kan det henda at det ikkje kjem stort fleire handlekundar til det planlagde store nye kjøpesenteret enn det er i Odda i dag, rett og slett fordi dei store kundemassane bur for langt unna Odda? Kunne det vera ein idé at dei styrande tenkte på nytt gjennom den lite tenkte motstanden sin mot verdsarvsaka? Skulle ordføraren som første sak på nyåret samla alle dei som har plass i kommunestyresalen i Odda og sjå på saka med friske auga, og prøva å sjå framover? Kan det henda at kommunestyret skulle revurdera dei negative holdningane sine til det spenstige prosjektet om ein plass på verdsarvlista?

Kva om framtida for Odda kan bli ein parallell til det som var på 1800-talet, då turistar i hopetal frå heile Europa reiste til Odda for å sjå og oppleva den storslåtte naturen? Kan det henda at industrimuseum og opplevingssenter i dei gamle fabrikkbygningane, kultursenter, litteraturhus, nytt Hardanger Hotell i sveiteserstil på kaien i Odda, gondolbane til Freimstølen, og kjøpesenter på smelteverkstomta i litt mindre skala, kan vera vegen å gå? Kunne det vera ein tanke å arbeida på nytt for å få Odda inn igjen i regjeringa sin søknad om verdsarvstatus for Odda, saman med Tyssedal, Rjukan og Notodden?

Ja, kva er det med Odda, tru? Eg meiner, hos dei som styrer? – Er det berre vanetenking, ”riv heile skiten”, vankunne og vanry? Eller finst det noko meir?

lørdag 25. desember 2010

Paradoks. Jula og alt som høyrer med

Ein som er utmeld av statskyrkja går i kyrkja på julekvelden. Han sit der på benken, mellom dei andre i familien sin, han sit og høyrer orgelspelet og songen, han ser dei unge festkledde i koret og presten i kappa si som kjem med sine forklaringar og rituelle lesingar, han er midt i songen og deltar i den med den spake stemma han har. Han sit mellom familiemedlemmane sine, i år igjen, den 24. desember sit han der, i kyrkja på julaftan, mindre motvillig no enn dei første åra. Dei første åra han vart med dit, var det med stor indre motstand, ein motstand som har minka, minka og minka. Men kvifor då vera utmeld?

Han trur ikkje meir no enn før på det som presten snakkar om. Gudstrua, historiene om Jesus og alt det. Livssynet er det same, han melde seg ut som 18-åring og skal framleis vera utmeld. Han trur ikkje at det finst ein slik gud som dei kristne trur på. Men kvifor går han då i kyrkja?  Er det ikkje ei hån mot det han eigentleg trur på? Men kva er det han eigentleg trur på? Trur han på mennensket, det gode i mennesket? Trur han at mennesket er åleine, og at mennesket i dette tomrommet har kvarandre?

Er den kristne trua ei anna tru enn hans? Og er denne trua hans ei tru som kan erstatta den andre? Eller er den noko anna, noko meir? Kva er det verda treng no? Treng ho religiøs tru, eller noko anna? Eller begge?

søndag 14. november 2010

Kvifor nynorsk?

Har vi bruk for nynorsk? Vi kan velja to perspektiv på dette spørsmålet:

1. Det smale, det individuelle eller personlege perspektivet

2. Det vide eller språkpolitiske perspektivet

Eg vil ta for meg det smale, det personlege:

Som nynorsk-brukar gjennom alle år, frå oppveksten her i Odda, via studieår i Bergen og gjennom vaksenlivet, har det berre vore eitt norsk språk for meg. I brev, avisinnlegg, artiklar, kronikkar, i dikt, noveller og romanar.
Eg var så heldig at eg voks opp i eit samfunn der det i skulen var ei omtrent 50/50 fordeling mellom nynorsk og bokmål. I heimen, på skulen og i gata var det eit talemål som var nært nynorsk eg høyrde. Og eg høyrde lærarar som brukte nynorsk, og andre vaksne som viste respekt for nynorsken, endå om dei sjølve var bokmålsbrukarar. Det naturlege for meg var - udiskutabelt - å skriva nynorsk, den målforma som eg alltid har hatt eit eigarforhold til. For det er det ein må ha om ein skal uttrykka seg skriftleg i det offentlege rommet - ein må ha eit eigarforhold til språket, elles går det ikkje. Elles blir det for tungt og vanskeleg å uttrykka seg.
Då eg etter gymnaset reiste frå Odda til Bergen og begynte å studera, vart nynorsk heilt naturleg verande målforma mi. Eg har alltid skrive nynorsk.
Men det har hendt ein gong – eg skal innrømma det - ein gong på 80-talet at eg prøvde meg. Eg prøvde å skriva på bokmål. Men det gjekk ikkje, det var ikkje mogeleg for meg å skriva ein slik tekst som den eg ville skriva på bokmål. Alt stritta imot inni meg, å skriva på bokmål var unaturleg, kunstig og hjelpelaust, syntest eg.

Slik er det i det første perspektivet, det personlege. Eg må skriva slik eg kjenner meg komfortabel med. Det gjeld innhaldet - eg må ha eit innhald som er viktig for meg å få fram. Men særleg gjeld det språket eg bruker. Det må vera mitt eige.

Har vi bruk for nynorsk? er spørsmålet eg stilte.

Mange stiller det spørsmålet, og det dei seier, er vel eigentleg: - Kvifor kan då ikkje alle skriva bokmål? Og då er vi med ein gong midt i det språkpolitiske. Skal vi her i landet ha to skriftlege målformer som lever side ved side, slik vi har hatt det i godt over hundre år, eller berre ei?

Det finst nynorskmotstandarar vil gjerne bli kvitt nynorsken, få han bort. Dei vil fjerna nynorsk frå skulen, kutta ut skriftleg-opplæring i nynorsk, avskaffa nynorsk-eksamen i skulen, osv. Det er ikkje måte på. Det dei samstundes seier då, er at vi ikkje treng nynorsk, nynorsk er overflødig. Og i den same sausen seier dei også at jo, - dei har då respekt for nynorsken, nynorsk er fint i enkelte dikt, nynorsk er eit kulturspråk, dei store nynorskdiktarane skal få ha heiderplassen sin i litteraturhistoria, osv., seier dei. Men vi treng ikkje ha nynorsken der han er så mykje framme i dag - vi treng ikkje ha så mykje av han - i skulen, i radio og i avisene, osv. Seier dei. Og den tanken, den er kort.

Ja, det er ein veldig rar tanke. Dette at vi ikkje treng nynorsken, vi kan berre alle bruka bokmål. Ein veldig rar tanke. Viss det er slik at vi ikkje treng nynorsken fordi han er så liten, så perifer i forhold til det større talet bokmålsbrukarar – ja, då skal vi kanskje bruka den same logikken overfor bokmålet, vis à vis verdsspråket engelsk. Kva skal vi vel med eitt (eller to) eigne (norske) språk her i landet, vi er jo så få i dette landet, og nesten alle forstår og kan snakka engelsk – i alle fall litt, så kva skal vi vel med norsk? Og det ville jo vera så mykje meir rasjonelt og effektivt med berre eitt, samlande språk for alle – ikkje sant?

Eit anna argument som ligg under hos nynorsk-motstandarane er at det er så slitsomt, så krevande for dei stakkars elevane (særleg dei som lever og går på skule på Austlandet) - så slitsomt å læra to norske målformer i skulen. Men er ikkje det der ei stygg nedvurdering av elevane, av evnene deira, av evna deira til å ta til seg lærdom? Skulle vi verkeleg sy puter under albogane til dei oppveksande slektene ved å skjerma dei mot å læra seg nynorsk? Kva bli det neste? Skal vi skjerma dei også mot dei meir krevande delane av andre fag i skulen - i matematikken, i naturfaget, osv?

Eg er glad for at det framleis finst mange flotte og sterke nynorskbrukarar – i litteraturen, i massemedia og i samfunnslivet elles. Og det er bra at organisasjonar som Mållaget framleis held fana høgt for nynorsken.

Verda og livet

Vi lever i verda.
Verda er der ute. Og her inne.

Vi lever i livet,
i verda
som vi er del av,
som vi er avhengige av.

Verda er livet,
den dagen
det sloknar, sloknar alt
for meg, mens
verda liver vidare
i livet.