«These are the days of miracle and wonder!» skreiv arbeidskollegaen min, Thorbjørn, på Fb. Han var i kveld på konsert med Paul Simon, der eg òg var, og eg likte kommentaren hans. Og som om ikkje det var nok, så var eg tidlegare denne veka så heldig å få med meg ein av Bruce Springsteen sine to konsertar i Bergen. Dermed så var eg lykkeleg mett av glad musikk, og gode tankar.
Etter å ha likt Paul Simon-sitatet gjekk eg vidare i Fb og likte Lars Ove Seljestad sin kommentar til at kalkovnen i Odda vart sprengd ned. Men i kjølvatnet av det innlegget fanst det lite av glad musikk, gode tankar.
Eg bladde meg ned gjennom alle dei 42 kommentarane under innlegget til Lars Ove, ei samling av ytringar som berre så altfor sterkt stadfestar den negative versjonen av grunnleggande spørsmålet: -Kva er det med Odda? Ja, eg seier: den negative versjonen av spørsmålet, for eg trur at dette spørsmålet i utgangspunktet var positivt tenkt. Ja, eg trur at den positive versjonen av det spørsmålet, den må vel ha vore: "Kva er det som er så bra med Odda, kva er Odda sine sterke sider?" Og den versjonen av spørsmålet, den er i denne samanhengen totalt neglisjert.
Eg vil denne gongen ytra meg ved å følgja hovudstraumen, og eg har lyst til å seia: Det er trist at det i Odda viser seg igjen og igjen at makta, dei høgast skrikande og dei mest iltre - det er dei som dominerer i det offentlege rommet.
Det som dette djupast sett dreiar seg om, det er etter mitt syn jo ikkje spørsmålet om å bevara kalkovnane eller ikkje. Den viktige saka, det er spørsmålet om å ta vare på medvitet om arven frå fortida, kunnskap om vår felles fortid i Odda, der smelteverket spelte ei stor rolle som samfunnsfaktor og som byggande kraft, kort sagt det som smelteverket betydde for oss på godt og vondt, i den tida vi levde i Odda.
Det som er trist, det er å oppleva at maktarrogansen og hatet stadig er ei dominerande kraft blant oddingar og andre når dei diskuterer smelteverket og Odda si framtid. Det som er trist - i tillegg til raseringa av den gamle fabrikken - det er dette janteraseriet som rammar dei som våger å ytra seg til fordel for den falne kjempa.
Vi skal ikkje gløyma at Odda Smelteverk - som sagt tidlegare - på godt og vondt var ei berande samfunnskraft i Odda, gjennom nesten hundre år.