torsdag 28. november 2013

What is it about Odda?

It is time to let one of the locals speak. Jan Gravdal (Jangen) has for years fought for the values that reside in our local history:
"The history locally is in a way a kind of walk in the ruins of the buildings we should have taken care of. Something has happened. Those who have never understood what our heritage is, who does not understand that buildings are more than four walls and a roof. It is something more than the value of scrap. It's 100 years of generations’ work, stories that are stuck in the walls of the Cyanamid, in the Lind House, in the Furnace 3 (should have been furnace 1 and 2 as well), the cranes on the dock, the imports pier, the curved ceiling. There are more and more of your own who have seen it like you, that value is not in the scrap rate, but in the love of our heritage. And it is not the art of Picasso on the walls that is important, it is the stories in history, it is both the long and short lines."

lørdag 16. november 2013


The Smelter, year 2008


I am watching a wreck, 
a sleeping cyclope, 
a fallen giant.

Born 1906 - or was it 1908?
-It took two years to build.
Then a short century of Life: 
Work, 
production, 
work conflicts,
strikes and factory closure in the 1920-ies, 
depresseion in the 1930-ies, 
wartime occupation in the early 1940-ies, 
new prosperity in the 1950-ies and the 60-ies 
- this Smelter, cornerstone of
the modern 
welfare society.



For almost one hundred years
the Smelter provided work 
to hundreds of men and 
housing, food, clothing and a decent life
to their families. 

Then, 2003, finally it is over -
no longer viable: 
«Get rid of it!»
«Tear the whole shit down!»

But why are they so hateful, these who say:
«Get it down!»
«Get it away, this shit!»
 Why this blind anger?
Why?

I am watching a wreck, 
a sleeping giant, 
a fallen cyclope.


Think about it -
for nearly one hundred years
the Smelter provided income,
life and welfare
to all these families in Odda.

Why not let imagination play? 
Why not try to think a little?

Can it be used for something,
this old Smelter and the history linked to it?



Can it still be useful -
this fallen giant
this cyclope
this mammoth
this tired monster
this herculean -
our exhausted elephant


- and all
the stories
behind this huge,
dirty, carbide smelling,
fallen giant’s body - 
can it be used for something?

Why such hatred erupts? -
«Tear the whole shit down.» 
What is this, actually?

One silent, rainy October Sunday
I climbed in there again,
I was walking up there 
on the platform
under the huge rooftop and 
I read this inscription 
in the soot black window:

Yes, 
then I was thinking: 
What 
was their life, 
«small Lars and tiny Kari». 
- How 
was their life, 
and what happened 
further?

mandag 4. februar 2013

Gravitasjonskonstanten


Eg ser dei står i ei klynge midt ute på grusbanen. Det er tett skodde, og røyken frå sigarettane som to av dei røyker stig sakte og går snart nesten i eitt med skodda som heng over hovuda. Dei står og småtrippar, som om dei frys. Eg ser Gunnar og Eivind og Ivar frå klassen min, og Torgeir og to andre, frå reallinjeklassen. Røyken frå sigarettane stig langsamt og blandar seg med skodda. 

Eg står på asfalten utanfor inngangstrappa til aulaen, og eg tenker at eg vil gå bort til dei, men veit at eg ikkje kjem til å gjera det. Bak meg høyrer eg steg. Eg snur meg mot skulebygningen, tenker at det vil vera til pass for dei nede på grusbanen om ein av lærarane kjem ut og dei blir tatt. Men eg kan ikkje sjå nokon av lærarane. Eg ser to jenter som kjem arm i arm ut frå aulaen. To jenter frå engelsklinjeklassen på klassesteget under meg som kjem knisande ned trappa frå inngangen. Eg trur dei har eit fort blikk mot meg. Eg møter ikkje blikket deira. Eg snur ansiktet mot dei nede på grusbanen. Dei to arm i arm går forbi, nedover på asfalten bort frå inngangen, nedover mot grusbanen. Eg går litt etter dei, på god avstand. Dei to stig ned trappene til grusbanen, tett saman, i fortruleg samtale om noko. Dei ser ikkje mot meg lenger. Nei, dei ensar ikkje meg, der eg står. Eg ser rundt meg. Fleire elevar kjem ut frå inngangspartiet til skulebygningen. Gruppa på grusbanen har spreidd seg litt. Dei to jentene går bortover eit stykke til sides for gjengen, retning mot det eine fotballmålet. Lange Torgeir gestikulerer i det dei to går forbi, han fortel noko som dei andre ler til. Han er i sentrum, dei står rundt han, ser opp til han. Lange Torgeir, alltid i sentrum i gjengen.

Klokka ringer inn til ny time etter storfrikvarteret. Eg går mot inngangen. Eg hatar friminutta, å gå der ute og trakka. Så formålslaust. Stå i utkanten og høyra på det meir eller mindre tomme preiket, vitsane om lærarane, sladderen om den nye rektoren som sist søndag er observert på tur hand i hand med fransklærarinna, borte ved Sandvinsvatnet, på vegen mot Jordal. Så formålslaust å stå der, i utkanten, sjå dei andre som klumpar seg saman, som trakkar rundt og flirer og slår seg på låra i overflatisk begeistring over den sist fortalde vitsen. Stå og føla blikka frå jentepara som går rundt omkring, ofte arm i arm, liksom forelska par, og som ser mot meg og som seier noko til kvarandre: - Sjå han der, du. Der står han, der går han åleine igjen.

Historielæraren (som har vore prest og som også er kristendomslæraren vår) kjem litt seint frå lærarrommet. Han ser med eit skrått smil på Gunnar og Ivar, som står  og ventar nærmast døra til klasserommet.
    - Så? Hungrige etter lærdom? spøker han.
    - Kjekt å sjå, verkeleg kjekt å sjå!
Dei to klassekameratane mine jattar med læraren. Dei veit at han liker det. Han liker dei rappkjefta elevane, dei som speler med, dei som stryk han med pelsen, dei som ikkje lagar ugreie.
- Inne i klasserommet sit han bak kateteret og ventar på at dei siste skal koma inn og på plass. Så tar han fram historieboka og protokollen, og begyner å høyra Eivind på fremste plass på midtrekkja. Vi andre sit og høyrer på og ser ut vindauget mot den blygråe himmelen. Ivar sender ein lapp bakover på rekkja si, truleg med adresse til Elisabeth. Gunnar sender vidare, Ivar snur seg forsiktig og ser over skuldra mot Elisabeth. Elisabeth opnar den samanbretta lappen og les det som står der. Elisabeth riv lappen i småbitar og sender Ivar eit morskt blikk. Ivar flirer og blunkar til Gunnar. Læraren løftar hovudet og flyttar fokus frå eleven som han høyrer i leksa til ei eventuell uro lokalisert ein stad på dei bakre plassane. Ivar fangar opp læraren sitt nye fokus og held seg igjen heilt i ro. Vi sit stille og ventar på at prestelæraren skal gjera seg ferdig med Eivind og ta fatt på neste.
I kristendomstimane var det ei stund litt annleis. Læraren dreiv dei første vekene etter skulestart om hausten og preika til oss nesten som om vi sat benka i kyrkja om søndagen. Så gjekk han i ein periode over til å undervisa oss i Israel-soga, og no i novembermørkret har han begynt å  gi oss i lekse å pugga salmevers som vi må kunna utanåt om vi skal få god karakter i kristendom. Dette er inga lysteleg tid. Eg klarer ikkje å overtala meg sjølv til å gjera det som hadde vore det fornuftigaste: berre rett og slett pugga desse versa, levera læraren det han vil ha, og få ein Meget tilbake. Men nei, det orka eg ikkje. Ikkje faen heller, sa ei innbitt stemme inni meg. Men så langt har det gått bra, for i timane han har høyrt dei andre, dei på rekkjene nærmast vindauga.
I timen etter har vi fysikk. Vi har flytta oss til fysikksalen, der det er benkar med klappsete i rader som vi set oss inn på og store skap med glasdører der fysikkutstyret er låst inn. Læraren snakkar om gravitasjonskonstanten. Han fortel oss at denne loven seier at den tiltrekkande tyngdekrafta mellom to lekamar er proporsjonal med produktet av massane deira og omvendt proporsjonalt med kvadratet av avstanden mellom dei. Det må vi ha klart for oss, seier han med eit lite smil på lippene. Denne loven er viktig, han er med oss alle, kvar dag, kvart minutt, alltid. Alltid kjenner vi effekten av han, gravitasjonskonstanten!
   - Jaja, tenker eg. - Du har så rett, lærar.
Men eg seier det ikkje høgt. Ikkje til nokon seier eg det. Rett er det sjølvsagt, og eg gjer fleire ærlege forsøk på å pugga han. Gravitasjonskonstanten er der. Heile tida. Men vi kan ikkje sjå han. Han er usynleg. Han drar oss ned. Nedover mot grunnen vi står på, ned, ned, ned. 
------
(Utdrag frå eit lengre manus.)

lørdag 19. januar 2013

Dagens Albert Camus-sitat

Il y a dans les hommes plus de choses à admirer que de choses à mépriser.  Albert Camus

Eg har etter meir enn 35 år (då eg studerte forfattarskapen til Albert Camus og skreiv hovudoppgåve om novellene hans i "L'Exil et le Royaume") vendt blikket mot den visdommen eg i den tida las hos Camus, og som har betydd ein del for meg opp gjenom åra.
Kanskje akkurat i dag, då gisseldramaet i Algerie nettopp er meldt avslutta - med tragisk utfall for mange, er dagens Camus-sitat på sin plass, som ein tankevekkar og ei påminning i mørkret: Det finst meir ved mennesket å sjå opp til enn å forakta. Det er meir som er positivt ved mennesket enn kva som er negativt.