Il y a dans les hommes plus de choses à admirer que de choses à mépriser. Albert Camus
Eg har etter meir enn 35 år (då eg studerte forfattarskapen til Albert Camus og skreiv hovudoppgåve om novellene hans i "L'Exil et le Royaume") vendt blikket mot den visdommen eg i den tida las hos Camus, og som har betydd ein del for meg opp gjenom åra.
Kanskje akkurat i dag, då gisseldramaet i Algerie nettopp er meldt avslutta - med tragisk utfall for mange, er dagens Camus-sitat på sin plass, som ein tankevekkar og ei påminning i mørkret: Det finst meir ved mennesket å sjå opp til enn å forakta. Det er meir som er positivt ved mennesket enn kva som er negativt.