mandag 15. desember 2014

Tren deg glad :-)


Snart er det eitt år sidan eg begynte eit litt nytt liv med meir fysisk trening enn det eg tidlegare har gidda. Det starta med at eg kjøpte medlemskap på eit treningssenter der eg trener (løp og styrke) mens guten vår er på svømming. Sidan starten i januar har det blitt mange treningsøkter - på Actic, sykkelturar til Flatøy, innefotball kvar veke med gutane (lærarkollegaer) på Knarvik vgs, springing/jogging i nærområdet og i Oppdal, sveitte turar oppover fjellsidene både her vest og i Oppdal og alle dei skiturar eg har klart å få til (veldig dumt med slike snøfattige vintrar som vi har hatt!). Eg elskar slike treningsøkter som gjer meg sveitt og andpusten. Trening tar jo tid, og eg skal ikkje underslå at overgangen  frå å vera i jobb  til sjølstendig næringsdrivande har gitt meg veldig god styring og kontroll med tida mi :-). Det er berre herleg å kunna dra på seg treningstøy og legga ut på ein sveitt tur, og kjenna dei gode endorfinane som løftar sjela og gir meg den særeigne lykkjekjensla. Saman med alle dei andre gledene i livet så er dette for meg oppskrifta på det gode livet. 

Med dette utfordrar eg alle slektningar, venner og kjenningar til å ta opp hansken: Kom i gang og tren deg glad! Som motiverande lesing kan eg anbefala Cardiac Exercise Research Group (CERG) sine nettsider (NTNU, Trondheim): «K.G. Jebsen - Senter for hjertetrening. - Vi studerer effekten av trening som medisin for å behandle hjerte- og livsstilsrelaterte sykdommer, og har som mål å finne optimale treningsprogram slik at vanlige mennesker får og bevarer en god helse gjennom hele livet.» http://www.ntnu.no/cerg