lørdag 21. januar 2012

StorySavers ... Tell your Story, Make History


Odda har i mange år hatt folk som er intenst opptatte av å ta vare på den nære historia til byen og bygdene rundt, og folk i Odda har ikkje minst dei siste ti åra vist eit enormt engasjement i forhold til den nære historia vår.

I desse dagar sluttfører eg saman med gode partnarar frå seks andre europeiske land (Frankrike, Hellas, Irland, Polen, Tsjekkia og Wales) skrivinga av ein felles søknad om eit Grundtvig partnarskap, Storysavers... Tell your Story, Make History. Dette er eit prosjekt finansiert av EU der vi har bruk for gode samarbeidspartnarar i Odda. 
Prosjektet er eit Grundtvig læringspartnarskap som går over to år, frå august 2012 til juli 2014. I eit Grundtvig læringspartnarskap er det ingen store krav til sluttprodukt/resultat. Læring er det det er fokus på, men det må likevel seiast at slik det ser ut no har vi skrive ein særs ambisiøs og innhaldsrik søknad. Vi skal i løpet av dei to åra besøka alle partnarorganisasjonane. I Norge skal vi legga prosjektmøtet til Odda (hausten 2012) der vi håper å få til eit samarbeid med lokale folk som kan bidra med forteljingar som vi vil skriva ned og også ta vare på digitalt for å sikra materialet for framtida. Som metodar for å ta vare på forteljingane har vi tenkt på nedskriving, lyd og bildeopptak ved hjelp av mobil såvel som ved hjelp av meir teknisk avanserte verktøy. Vi ser for oss at ein god måte å få fram og ta vare på forteljingar på, kan vera å engasjera ungdommar som intervjuar eldre. Kanskje kan elevar og lærarar i skulane i Odda her vera aktuelle deltakarar? Vi ser også for oss at organisasjonar som N.V.I.M., Odda Mållag og biblioteket i Odda vil vera sentrale aktørar i dette.
Vi har i prosjektgruppa diskutert ulike former for publisering, frå websider og blogg, digital bok med eksempel på forteljingar og forteljeteknikkar frå alle landa, til ei trykt bok med det same innhaldet, og bruk av sosiale media. 
Mykje av ideen med prosjektet dreiar seg om å skapa kommunikasjon, og å bygga bruer mellom generasjonane.
Det vi treng frå Odda-folk, er altså ei gruppe som kan stilla opp og vera med og gjennomføra eit prosjektmøte hausten 2012 der vi gir eksempel på storytelling i Odda, og seier noko om korleis ein i Odda prøver å ta vare på forteljingar frå lokalhistoria.

Ein del av dei som deltar lokalt frå Odda vil få tilbod om å vera med på tur ut i Europa, ettersom vi skal besøka kvar av dei andre organisasjonane og høyra/sjå kva dei kan by fram. Alle utgifter til reise og opphald på desse turane blir dekte av prosjektmidlane. 
(Og alt som er sagt sjølvsagt med atterhald om at vi lykkast med søknaden og får prosjektet!)
Vil du vita meir om dette? - Ta kontakt med Øivind H. Solheim, e-post oivindsolheim@gmail.com, mobil 90062324.