fredag 16. mars 2018

Åleine, ja - men einsam?

Då eg var liten gut (og det er lenge sidan, veldig lenge sidan!) kunne det henda at eg gjekk og tenkte at eg var einsam. 

Men var eg eit einsamt barn? 

Kanskje eg berre kjeda meg? 

I lange periodar av tenåringsalderen hadde eg ein god kamerat, ein som eg i mange år møtte kvar dag etter skulen og brukta tida mi saman med, ein som eg fekk reisa på tur til hytta med, saman med foreldra hans. 

Det var nok slik at det fanst tider i oppveksten då eg var åleine og då eg gjekk og kjeda meg. Men var eg derfor einsam? 

Det eine treng ikkje nødvendigvis inkludera det andre. Eg kan godt vera åleine og kjeda meg. Ja, kanskje er det lettare å kjeda seg når ein er åleine enn når ein ikkje er det? Men samstundes veit eg at å vera åleine for meg i dag - som vaksen - er viktig for at eg skal få gjort det eg helst av alt vil gjera: å tenka, å læra og å skriva.

Eg ser at det som barn var bra for meg å ha ein kamerat, ein å vera i lag med i det daglege. Eg, liksom alle skuleungane, møtte jo andre barn og unge når eg var på skulen, og når eg i tillegg hadde ein som eg kunne vera i lag med på fritida, fekk eg nok det eg som barn hadde behov for av sosialt samkvem. At kameraten min og eg kanskje kjeda oss ein del der vi gjekk gatelangs i byen der eg voks opp, det er jo ein anna sak. Vi kjeda oss saman.

Eit sentralt spørsmål for meg er dette: Er det uheldig eller gunstig å vera åleine og å kjeda seg?

Som godt vaksen har eg ikkje behov for heile tida å vera i lag med andre, og å oppleva ting og dela tankar og erfaringar med dei. Samver med andre er viktig og bra for meg, det veit eg. Men samstundes veit eg at eg har behov for åleinetid, og å ha slik tid trur eg er bra for alle.

Kanskje er det slik at ein som barn og ungdom lettare kjedar seg når ein er åleine, og at dette fort kan bli opplevd som einsemd? 

Eg skal ikkje forenkla dette, og eg skal for all del ikkje undervurdera det at menneske kan kjenna seg einsame og at enkelte er veldig, veldig einsame. Påstanden min er at einsemd og det å vera åleine er to ulike tilstandar. Eg kan godt vera åleine og likevel ha det bra. Men igjen, berre så det er sagt - å vera einsam, å kjenna at ingen ser meg, at ingen bryr seg om meg - det trur eg er svært uheldig. Eg veit at menneske lever veldig einsame i samfunnet vårt, somme lever og døyr i stor einsemd.

*

I den tida vi lever i er det mykje støy rundt oss. Både visuell støy og masse lyd. Og vi lever alle i denne tida. Vi går alle ei viss tid på jorda og under opphaldet vårt her har vi ein del alternativ som vi kan velja mellom. 

Eg kjenner av og til i det daglege at kan det verka som om eg har eit hav av tid å ta av. Men samstundes så veit eg at tida mi er avgrensa, og at totalsummen av tida mi er ukjend. 

Mens eg var i full jobb (undervisning, og seinare vaksenopplæring i vidaregåande skule) tenkte eg nok ikkje så mykje på det. Eg hadde nok med å vera fullt og heilt til stades der eg skulle vera, i jobben, og i familien.

No har eg vore ute av den konteksten i nokre år, har prøvd det nye tilværet, har fått prøva dette å ha mykje tid for meg sjølv, åleine. Tid til å slappa av, tid til å tenka, lesa, læra, planlegga, reflektera.

Eg har nokre tankar som eg trur kan vera gode for dei som er lenger nede på livsstigen. Det er i grunnen nokså banalt, men likevel kanskje ikkje heilt i tråd med slik mange av oss har levd og lever:
  • Nyt tida og det du opplever der du er. 
  • Gå for fullt inn i oppgåvene, ta fatt i det som blir venta av deg, men sei stopp når nok er nok.
  • Ta vare på helsa, slutt med uvanar som røyking, rusmisbruk og for mykje alkohol. 
  • Kom i gang med trening fleire gonger i veka, ta vare på kropp og sinn.
  • Bry deg om dei nærmaste rundt deg, samfunnet du lever i, og verda.
  • Bruk tid på deg sjølv, på å tenka rundt livet, der du er og der du skal.

Ha ein nydeleg dag! :)

torsdag 15. mars 2018

Denne overgangen - hav av tid

Den første tida etter at eg hadde slutta i jobb var litt som i ei tåke. Eg hadde naturlegvis sett det koma, men eg kan ikkje seia at eg hadde laga meg ein strategi for korleis eg skulle handtera det. 

Dei første vekene etter at eg var blitt pensjonist opplevde eg på ein måte som litt flytande. Sjølve dette ordet - pensjonist - var eit ord som eg inni meg, i det ubevisste, skauv unna. Og dette var nok eit symptom, ein indikator på at ikkje alt var heilt på stell i meg.

Dei første vekene etter at eg slutta i jobb sov gjerne eg utover formiddagen. Det var liksom eit fjell av søvn som eg hadde behov for å klatra og ta kontroll over. Innimellom tenkte eg på det. Dette som skulle vera livet mitt heretter, utan jobb å gå til, og all tida eg skulle få disponera sjølv! Kva skulle eg fylla denne tida, dette ubestemmelege tomrommet med?

Det var i grunnen ingen stor dramatikk knytt til dette. Ingen ting var uføresett, ingen ting kom eigentleg uventa på meg. Eg kunne unna meg den sjeldne luksusen å ta det heilt med ro, å berre la tida flyta og å la sinnet og kroppen flyta i tida, akkurat slik det passte meg.

Om morgonen kunne eg vakna, kanskje høyrde eg at dei andre stod opp og gjorde seg klar til å møta den nye dagen, på jobb eller skule.

Eg kunne bli liggande i senga, sova vidare der, la meg gli inn i den milde og lune morgonsøvnen. Eg kunne ta ei bok frå nattbordet og lesa vidare frå kvelden før. Eller eg kunne ta fram telefonen eller datamaskinen og sjekka nyheiter og e-post.  

Det var ingen brå overgang. Faktisk var det ein langsam prosess, denne overgangen til eit tilvære i nye tidsrammer.

Eg kunne stå opp, ta på meg treningsklede og gå eller springa ein tur. Eller eg kunne ta sykkelen og sykla utover mot Hordvikneset og over brua. Eg kunne ta bilen og køyra ein stad, finna på noko banalt eller noko heilt nytt. Som å gå turar i byfjella med likesinna i regi av Bergen Turlag, som å køyra til kjøpesenteret og trilla ei handlevogn formålslaust mellom reolane inne i det store supermarkedet, og til slutt gå ut gjennom kassen til bilen med handleposar tunge av drikke og matvarer.

Det tok litt tid å venna seg til dette nye. Om morgonen og formiddagen var det berre eg i huset. I mange timar var huset tomt for alle dei som vanlegvis skaper liv der, med unntak av meg, som lenger ikkje hadde noko fast på gå til, jobb eller skule. 

Eg skal innrømma at det vart ein del timar som kan sjå ut som bortkasta. Eg kunne vandra frå rom til rom, eg såg ut over fjorden, såg det gråe skylaget over landet lenger nord, eg såg at det var kome litt snø på fjelltoppane. Eg sette meg på kjøkenet, laga meg kaffi, litt formiddagsmat. Ja, eg innrømmer det, eg var på kanten til å kjeda meg, eg mangla meiningsfylte alternativ til det å skrolla ned og opp på nettsider etter dei siste nyheitene. 

Det tok litt tid før eg såg det klart. Eg var komen til eit stadium, på ein stad i livet der rammevilkåra var vesentleg endra, og der kanskje den største og mest merkbare endringa var tida. 

Og eg gjorde ei interessant oppdaging. Eg merka at tida var der for meg, at det ikkje hasta slik som før med alt. Eg vart klar over at eg hadde hav av tid framfor meg og rundt meg. Eg var faktisk komen til eit punkt i livet eller ein tilstand i tilværet der eg rett og slett var priviligert!


Ha ein fin dag! :) Og del gjerne!

onsdag 14. mars 2018

Ein annan puls i livet


Nesten heile livet har eg brukt tida mi på arbeid, meir eller mindre systematisk og målretta. Først bortimot 20 års utdanning (skulegang og studiar for å kvalifisera meg for arbeidslivet), og deretter i betalt arbeid i om lag 40 år, frå 1974 til 2014.
Å vera i full jobb betydde for meg liksom for alle andre at eg mot pengar har gitt bort ein stor del av tida mi for å utføra arbeidet for arbeidsgjevaren, som då har «eigd» meg i denne tida. I mitt tilfelle var arbeidet undervisning, dei fleste åra som lektor i skuleverket, 7,5 timar kvar dag, fem dagar i veka.

Og så skjedde dette for litt over tre år sidan - eg slutta i jobb. Eg kan ikkje seia at det kom uventa, det var heller planlagt, og venta. Så å seia over natta endra rammene i livet mitt seg vesentleg. Eg fekk plutseleg begynna å bestemma over tida mi sjølv. All tida, alle dagar, alle timane i døgnet kunne eg med eitt disponera sjølv, eg kunne bruka tida mi til dei private og familiære formåla eg sjølv prioriterer.

Denne nye, uvante fridommen! - Denne svære forandringa! 

Eg har fått det litt på avstand no, men i førstninga trur eg at eg var litt nummen, litt slått ut. - Kva skulle eg gjera med all denne tida, med denne nyvunne fridommen?

Det tok litt tid for meg å veksa inn i dette nye. Tok litt tid å finna ut av det. - Var livet på det nærmaste slutt no? Ferdig i arbeidslivet, ferdig med så mangt i livet?

Den første tida var litt uvant. Dagar som var ustrukturerte, der eg var  på leiting etter kva eg ville med desse dagane, all denne tida som eg plutseleg  hadde fått rett opp i fanget.

Eg tok det ganske piano, litt bakoverlent, vil eg seia. Meir om dette i neste post, og i dei som kjem etter den. 


Ha ein fin dag! :) 

tirsdag 13. mars 2018



Alle blir eldre-bloggen, 13. mars 2018

Då eg passerte 67
Skjedde det noko i livet mitt då eg passerte 67? Eg meiner - heilt sånn grunnleggande? 
- Var det ein overgang til noko heilt nytt og annleis i livet mitt? 
- Eller var det slik at livet berre heldt fram, litt endra, men det same livet, stort sett i dei same spora? 
Eg har tenkt at eg i dei komande episodane i alleblireldre-bloggen skal skriva litt rundt dette og relaterte tema. Og når eg skriv det slik eg gjer her og no, så er eg vel vitande om at eg lover noko, eg forpliktar meg, eg seier at eg skal følgja det opp, det skal koma meir. Og det har eg tenkt å stå ved. Så får vi sjå korleis det blir.
Ein del av dei som les eller kan lesa dette, er meir eller mindre på min alder og har dermed parallelle erfaringar og opplevingar i forhold til det eg kjem til å skriva om. For andre lesarar av alleblireldre-bloggen er alderen min eit tal veldig langt unna, og dette talet kan kanskje for nokon verka framandt eller litt urovekkande høgt.
Eg kjem til å skriva med begge desse hovudgruppene lesarar i tankane. 
På den eine sida kan vi gjerne seia at alder berre er eit tal. Vi er alle menneske, vi lever i det same landet, og vi sit på ein måte alle i den same båten, når alt kjem til alt. 
På den andre sida er det jo sjølvsagt slik at godt vaksne menneske kan ha ting å formidla til yngre - innsikter, tankar og fakta som yngre lesarar faktisk kan ha nytte og glede av.
Eg har lyst til å skriva om alt: Om det som var, og om det som ikkje var, men kunne ha blitt. Og eg vil skriva om det som er her og no, der vi alle er: i livet, her i dette landet, i verda, i dette året 2018.
Som eit mål for dette prosjektet vil eg setja opp at bloggen - som alltid skal innehalda både tekst og bilde - skal beskriva viktige sider ved den tida og det samfunnet vi lever i, og bloggen skal beskriva verda rundt oss og inni oss slik dette blir opplevd gjennom eit sinn og sansane til ein som har levd her i sju ti-år. Bloggen skal streva mot å gi eit sannferdig og engasjerande bilde av tida, landet og menneska som rører seg i landskapa.

Kom gjerne med spørsmål, kommentarar, innlegg! 
- Og del gjerne med andre!

På grunn av tekniske problem flyttar alleblireldre-bloggen hit, til https://lifeinthe20thcentury.blogspot.no

Øivind