mandag 14. mai 2012

Tilbake frå Beijing - litt klokare

Eg skreiv før vi reiste frå Bergen at eg ville skriva frå turen og legga ut bilde i bloggen, men det var ikkje så enkelt, det. Både bloggen, Facebook og YouTube er blokkert i Kina, så der har vi eit mål på kvar dei står i dette gigantiske landet når det gjeld ytringsfridom. På flyet austover frå Amsterdam for vel ei veke sidan las eg også om den blinde mannen som hadde protestert mot Kina sin politikk med tvangsabortering av kvinner som er gravide med barn nummer to, og som har vore fengsla og forfølgd av styresmaktene. Eg ser no at ABC Online under overskrifta Blind activist Chen Guangcheng to leave China
 skriv at Chen skal få opphald i USA og skal reisa dit.

Den andre store negative overraskinga i Beijing var den dårlege luftkvaliteten. Byen er hardt plaga av smog, og då vi var der, var det stort sett skyfri himmel og rundt 30 grader, men på grunn av den nesten ugjennomtrengelege disen såg vi berre sola i beste fall som eit diffust lysande punkt på himmelen.

Meir om  heilt andre og positive opplevingar i og nær Beijing kjem her seinare. 

fredag 4. mai 2012

Fredag morgon, koffertane er nesten ferdig pakka og i går fekk vil til og med tilbake passa våre med visum til Kina! Ein viktig lærdom har vi allereie fått: bestilla visum i god tid (fleire veker før avreise!). Vi var ute i siste liten, og oppdaga at det ikkje lenger går an å senda visumsøknad pr post eller elektronisk til den kinesiske ambassaden. Vi måtte alliera oss med eit firma i Oslo som tar seg av å levera søknad på ambassaden og henta ferdige pass med visum. Det kosta flesk, men vi kom i mål!

Å reisa som turist til verdas mest folkerike land, på andre sida av jordkloden, er ei ny oppleving for oss begge. Ikkje veldig skummelt (folk har reist dit før oss), kanskje heller ikkje veldig spesielt. Men forventninga er blant anna å oppleva på nytt dette som ein på fransk kan kalla "dépaysement" - å bli rykt ut av dei vanlege rammene for livet, å vera midt i noko totalt annleis og framandt. Kanskje det gir nye tankar, nye kjensler, ny inspirasjon?

Vel, forventningane til akkurat det er ikkje skyhøge, men -.  Om nøyaktig seks timar lettar flyet frå Flesland, vi er snart i gang!

tirsdag 1. mai 2012

Beijing neste

Kari Anne og eg stikk snart av frå alt det kjende og kjære. Om fire dagar reiser vi ut av landet, berre vi to, under påskot om at vi har vore gift i 25 år - såkalla sølvbryllup.

Vel - eit høve til å koma seg bort litt, og kanskje til å samla seg og tankane. Og fokusera på andre ting enn det som vi ellers alltid har framfor oss i kvardagane.

Eg tenkte først på New York, men så dukka tanken på Beijing opp - og den freista meir. Så 4. mai reiser vi utover til Flesland, der vi set oss på flyet til Amsterdam, og frå Amsterdam går det vidare i jetfart til Beijing.

Eg har tenkt å skriva og å legga ut bilde frå desse dagane, så får dei som har lyst, følgja med litt.

Takk alt no til Henriette og til mor som stiller opp heime, og tar ansvar for plikter som vi ikkje berre kan reisa ifrå der heime!