lørdag 18. august 2012

Massedrapsmannen har ikkje krav på "respekt"


I dag las eg kronikken En grotesk opera for paddeprinsen av Anne  Rasmussen i Bergen Tidende.
Også eg opplevde rettssaka mot Breivik som motbydeleg. Ein massemordar som med overlegg og med kaldt blod har tatt livet av 77 menneske blir møtt med "respekt" av rettsapparatet, respekt i den forstand at han blir behandla "om om ingen ting var", som om det han har innrømt han har gjort er eit "vanleg" brotsverk - kva no det kan vera. Breivik har øydelagt liva til hundrevis av menneske. Og han har eineansvaret for handlingar som har fylt alle oss andre i dette landet (og i utlandet) med fortviling og sorg. Korleis kunne eit menneske - til overmål med bakgrunn i dette landet - få seg til å utføra slike forferdelege handlingar?

Denne mannen blir gitt urimeleg mykje tid og rom i det norske rettsapparatet, i norske massemedia og i sinna til alle oss som helst hadde sett at mannen kort og godt fekk dommen sin og var fjerna frå det norske offentlege rommet for godt. I staden få han breia seg i månadsvis gjennom bilde og omtale i rettsaka, og får utruleg nok lov av dommaren til å halda lange einetalar der han framstiller den forskrudde verdsorienteringa si. Og han får ha datamaskin på cella der han kan skriva, samla og systematisera tankane sine, kanskje også kopiera og lima, skriva ut og senda ut brev i massevis, liksom ein kven som helst annan fengselsfange.
Det klaraste bildet eg har av samfunnet si manglande realitetsorientering er kanskje tv-bilda frå retten på første dag, der dei sentrale aktørane i rettssaka går fram (innbitt alvorlege eller forsiktig smilande? - ikkje veit eg, og forskjellen betyr heller ingen ting) og handhelsar på massedrapsmannen. Denne konvensjonelle handhelsinga sette standarden for rettssaka: her har vi ein tiltalt som vi skal behandla etter vanlege norske prosedyrar, så då gjer vi det slik. Ingen signal frå dei involverte om alvorsgraden i brotsverket, i alle fall ikkje gjennom måten dei møter tiltalte på første dag. Det var kvalmande å sjå!
Eg kjenner at eg blir sint når eg tenker på dette. Det er som ei kjensle av avmakt som stig opp når eg tenker på kommentatoren i Bergens Tidende som tidleg (ein gong sist haust eller vinter) skreiv noko om at vi ikkje må gløyma at ABB er eit menneske, han og. Eller fengselstenestemannen som på tv i sommar snakka om at det er veldig fælt å sitja isolert i fengsel i svært mange år, slik som ABB skal, så då er ein pc viktig for han for at han ikkje skal gå heilt vill mentalt.
Ei rettssak mot ein drapsmann handlar om veldig mykje. Prinsipielt sett burde fokus vera veldig sterkt retta mot konsekvensane av dei kriminelle handlingane, altså ugjerningane, valden, drapa og alt drapsmannen han øydelagt gjennom ugjerningane sine. I staden har vi altså hatt ei rettssak og eit oppgjer med massedrapsmannen der han i månadsvis har fått sola seg som megakjendis i det offentlege og massemedia sitt milde lys.
Det som burde fått einkvar i rettsapparatet, i Stortinget og i massemedia til å stansa opp og tenka litt gjennom saker og ting, er etter mitt syn følgjande: Ein drapsmann kan etter norsk lov få inntil livsvarig fengsel, dvs 21 år pluss forvaring. For å ha øydelagt livet til eitt menneske og familien og venner til den drepne. Massedrapsmannen ABB kan etter norsk lov få inntil livsvarig fengsel, dvs 21 år pluss forvaring - eller tvungent psykisk helsevern på livstid - for å ha øydelagt livet til fleire enn 77 menneske og familiane og vennene til dei drepne og skadde.
Det er utan tvil ein gigantisk mangel på proporsjonar når du i følgje norsk lovverk og rettspraksis kan få tilnærma same straff enten du drep eitt eller 77 menneske.