tirsdag 6. november 2012

Tale til dåpsbarnet, søndag 4. november 2012

Kjære Sophie, 
(kjære mamma Ragne og pappa Morten, kjære besteforeldre, kjære tanter og onkel og slekt forøvrig)

Ja, kjære Sophie, 
Endeleg er du komen til den dagen då du har fått skvetta vatn på det vesle hovudet ditt, eller har blitt døypt som vi seier.
Vi kan forstå at du heilt frå starten av var litt usikker, at du frå du var fødd såg litt betenkt ut, for veldig alvorleg i ansiktet var du faktisk dei første dagane og vekene. Eg veit det, for eg var der og tok bilde etter bilde av deg, men enten så sov du, eller så såg du berre søvnig og/eller alvorleg på meg. 

Men Sophie, vi forstår deg, du var sikkert litt bekymra med tanke på det som skulle skje - ikkje berre det at du skulle bli døypt (du var sikkert spent på om vatnet var for kaldt eller for varmt, eller sånn akkurat passe, og om presten kom til å vera hard på labben eller fjørlett på handa - eller akkurat sånn passe - når han omsorgsfullt tørka deg på hovudet etter dåpshandlinga). 

Sophie, du såg veldig alvorleg ut den første tida, sikkert litt bekymra også med tanke på alt det andre som du skal oppleva og som du skal gjennom i livet. Vi nemner i fleng: 
  • læra å sitja i sofaen mellom mamma og pappa,
  • læra å sitja oppreist utan støtte på golvet, 
  • læra å krabba, 
  • læra å reisa deg og stå litt ustødig på to bein midt på golvet med fast grep i handa til pappa eller mamma, eller støtta til stolen ved sida av deg,
  • klara å få dingel-dangel-leikene til å gi den koselege lyden frå seg,
  • slutta å suga på mamma sin pupp,
  • slutta å sutta på narresmokk, 
  • læra å stå oppreist utan å halda deg,
  • læra å gå åleine trygt over golvet utan at farfar eller morfar får nervar av å sjå deg,
  • utforska nabolaget rundt huset der du og mamma og pappa bur utan ein vaksen i hælane som ikkje vil sleppa deg...


Ja kjære Sophie, og kjære familie og alle,
denne lista er lang - ikkje lang som eit vondt år, men faktisk lang som mange lange og ikkje nødvendigvis vonde år. Faktisk, Sophie, så er det cirka og ganske nøyaktig (vi har talt etter) tretten tusen sju hundre og førtiseks slike ting som vi kunne ramsa opp for deg, ting som du skal læra eller gjennomgå, oppleva, bli utsett for, bli ramma av, lengta etter, grua deg til, osv., osv. 

Etter kvart skal du også gjennom ein serie med ting som heiter den første, eller det første
  • den første tanna du får,
  • den første vennen du får deg,
  • den første skuledagen, 
  • den første tanna du mistar, 
  • den første forelskinga, 
  • det første kysset, 
  • den første kjærleikssorga, osv. osv. 

For det er jo dette (og masse meir) som er det livet som du nyleg har begynt på. Alle desse små og litt større tinga som til saman blir livet ditt, og livet vårt, mor Ragne og far Morten, farmor og farfar, mormor og morfar, tanter og onkel, osv, osv.

Som stolt morfar og mormor er vi veldig glade for at du etter desse første vekene i konsentrert og alvorleg ettertanke har kome fram til at det er verd å prøva eit smil iblant. Vi ser på bilda som mamma har sendt oss at du, trass din unge alder - alt har forstått - eller begynt å forstå - dette viktige i livet: ikkje alt er alvor og ikkje alt er skummelt. Og eg trur at du er i ferd med vinna den verdifulle kunnskapen om at eit smil er verdt meir enn tusen sure miner. Så smil, Sophie, hald fram med å smila til oss og til verden, så vil vi og kanskje også verden vil smila til deg!

Kjære Sophie, vi kunne gjerne ha gitt deg mange fleire eksempel på ting som ligg framfor deg i livet, og grunnar til å møta verden med smil og opent sinn. Men vi vil spara noko av dette til seinare, for vi trur vi kanskje får fleire anledningar der vi kan utveksla tankar om dette, du og mormor og eg.
Til dykk to som er mor og far til dette flotte barnet skulle vi gjerne også ha gitt nokre gode råd på vegen. For det er jo slik, ikkje sant, at det er vi, besteforeldregenerasjonen, det er vi som veit best, vi som veit alt, for det er vi som har levt lengst! Vår erfaring er (nesten) uendeleg, vi veit (nesten) alt, vi kan alt, og det er vi som veit best. Så kanskje skulle vi ha gitt dykk ein fullstendig oversikt over utfordringane ved det å ha og oppdra barn, å gjera dei rette tinga, vera på rett plass i rett tid, vera til stades for Sophie, seia nei, ja, nei, nei, ja ja, nei nei nei, ja på dei rette plassane, osv. osv. Men veit de kva, Ragne og Morten og Sophie, dette får de finna ut av sjølv, i alle fall stort sett (men det betyr ikkje at de ikkje kan spørja om de vil).

For, gode venner, det er jo slik at dei beste råda er dei du finn fram til sjølv, den beste kompassnåla er den som finst inni deg sjølv, så vi seier derfor berre: Stol på dykk sjølv, gjer det som de føler er rett og gi denne vesle jenta alt det gode som ho fortener og som vil førebu henne til eit rikt og godt liv!

lørdag 18. august 2012

Massedrapsmannen har ikkje krav på "respekt"


I dag las eg kronikken En grotesk opera for paddeprinsen av Anne  Rasmussen i Bergen Tidende.
Også eg opplevde rettssaka mot Breivik som motbydeleg. Ein massemordar som med overlegg og med kaldt blod har tatt livet av 77 menneske blir møtt med "respekt" av rettsapparatet, respekt i den forstand at han blir behandla "om om ingen ting var", som om det han har innrømt han har gjort er eit "vanleg" brotsverk - kva no det kan vera. Breivik har øydelagt liva til hundrevis av menneske. Og han har eineansvaret for handlingar som har fylt alle oss andre i dette landet (og i utlandet) med fortviling og sorg. Korleis kunne eit menneske - til overmål med bakgrunn i dette landet - få seg til å utføra slike forferdelege handlingar?

Denne mannen blir gitt urimeleg mykje tid og rom i det norske rettsapparatet, i norske massemedia og i sinna til alle oss som helst hadde sett at mannen kort og godt fekk dommen sin og var fjerna frå det norske offentlege rommet for godt. I staden få han breia seg i månadsvis gjennom bilde og omtale i rettsaka, og får utruleg nok lov av dommaren til å halda lange einetalar der han framstiller den forskrudde verdsorienteringa si. Og han får ha datamaskin på cella der han kan skriva, samla og systematisera tankane sine, kanskje også kopiera og lima, skriva ut og senda ut brev i massevis, liksom ein kven som helst annan fengselsfange.
Det klaraste bildet eg har av samfunnet si manglande realitetsorientering er kanskje tv-bilda frå retten på første dag, der dei sentrale aktørane i rettssaka går fram (innbitt alvorlege eller forsiktig smilande? - ikkje veit eg, og forskjellen betyr heller ingen ting) og handhelsar på massedrapsmannen. Denne konvensjonelle handhelsinga sette standarden for rettssaka: her har vi ein tiltalt som vi skal behandla etter vanlege norske prosedyrar, så då gjer vi det slik. Ingen signal frå dei involverte om alvorsgraden i brotsverket, i alle fall ikkje gjennom måten dei møter tiltalte på første dag. Det var kvalmande å sjå!
Eg kjenner at eg blir sint når eg tenker på dette. Det er som ei kjensle av avmakt som stig opp når eg tenker på kommentatoren i Bergens Tidende som tidleg (ein gong sist haust eller vinter) skreiv noko om at vi ikkje må gløyma at ABB er eit menneske, han og. Eller fengselstenestemannen som på tv i sommar snakka om at det er veldig fælt å sitja isolert i fengsel i svært mange år, slik som ABB skal, så då er ein pc viktig for han for at han ikkje skal gå heilt vill mentalt.
Ei rettssak mot ein drapsmann handlar om veldig mykje. Prinsipielt sett burde fokus vera veldig sterkt retta mot konsekvensane av dei kriminelle handlingane, altså ugjerningane, valden, drapa og alt drapsmannen han øydelagt gjennom ugjerningane sine. I staden har vi altså hatt ei rettssak og eit oppgjer med massedrapsmannen der han i månadsvis har fått sola seg som megakjendis i det offentlege og massemedia sitt milde lys.
Det som burde fått einkvar i rettsapparatet, i Stortinget og i massemedia til å stansa opp og tenka litt gjennom saker og ting, er etter mitt syn følgjande: Ein drapsmann kan etter norsk lov få inntil livsvarig fengsel, dvs 21 år pluss forvaring. For å ha øydelagt livet til eitt menneske og familien og venner til den drepne. Massedrapsmannen ABB kan etter norsk lov få inntil livsvarig fengsel, dvs 21 år pluss forvaring - eller tvungent psykisk helsevern på livstid - for å ha øydelagt livet til fleire enn 77 menneske og familiane og vennene til dei drepne og skadde.
Det er utan tvil ein gigantisk mangel på proporsjonar når du i følgje norsk lovverk og rettspraksis kan få tilnærma same straff enten du drep eitt eller 77 menneske.

fredag 27. juli 2012

"These are the days of miracle and wonder"


«These are the days of miracle and wonder!» skreiv arbeidskollegaen min, Thorbjørn, på Fb. Han var i kveld på konsert med Paul Simon, der eg òg var, og eg likte kommentaren hans. Og som om ikkje det var nok, så var eg tidlegare denne veka så heldig å få med meg ein av Bruce Springsteen sine to konsertar i Bergen. Dermed så var eg lykkeleg mett av glad musikk, og gode tankar. 
Etter å ha likt Paul Simon-sitatet gjekk eg vidare i Fb  og likte Lars Ove Seljestad sin kommentar til at kalkovnen i Odda vart sprengd ned. Men i kjølvatnet av det innlegget fanst det lite av glad musikk, gode tankar. 
Eg bladde meg ned gjennom alle dei 42 kommentarane under innlegget til Lars Ove, ei samling av ytringar som berre så altfor sterkt stadfestar den negative versjonen av grunnleggande spørsmålet: -Kva er det med Odda? Ja, eg seier: den negative versjonen av spørsmålet, for eg trur at dette spørsmålet i utgangspunktet var positivt tenkt. Ja, eg trur at den positive versjonen av det spørsmålet, den må vel ha vore: "Kva er det som er så bra med Odda, kva er Odda sine sterke sider?" Og den versjonen av spørsmålet, den er i denne samanhengen totalt neglisjert. 
Eg vil denne gongen ytra meg ved å følgja hovudstraumen, og eg har lyst til å seia: Det er trist at det i Odda viser seg igjen og igjen at makta, dei høgast skrikande og dei mest iltre - det er dei som dominerer i det offentlege rommet.
Det som dette djupast sett dreiar seg om, det er etter mitt syn jo ikkje spørsmålet om å bevara kalkovnane eller ikkje. Den viktige saka, det er spørsmålet om å ta vare på medvitet om arven frå fortida, kunnskap om vår felles fortid i Odda, der smelteverket spelte ei stor rolle som samfunnsfaktor og som byggande kraft, kort sagt det som smelteverket betydde for oss på godt og vondt, i den tida vi levde i Odda. 
Det som er trist, det er å oppleva at maktarrogansen og hatet stadig er ei dominerande kraft blant oddingar og andre når dei diskuterer smelteverket og Odda si framtid. Det som er trist - i tillegg til raseringa av den gamle fabrikken - det er dette janteraseriet som rammar dei som våger å ytra seg til fordel for den falne kjempa. 
Vi skal ikkje gløyma at Odda Smelteverk - som sagt tidlegare - på godt og vondt var ei berande samfunnskraft i Odda, gjennom nesten hundre år. 

tirsdag 26. juni 2012

Storysavers mål og strategi

Grundtvig partnarskapsprosjektet StorySavers ... Tell your Story, Make History har som mål 

  • å fremja forteljing av historier blant vaksne, særleg historier som er knytte til lokalmiljøet
  • å auka forteljekompetansen blant dei som deltar i prosjektet 
  • å bruka nye og moderne metodar og hjelpemiddel, såvel som tradisjonelle metodar for innsamling av forteljingar 
  • The storysavers project group was created at the Grundtvig
    Contact seminar at Alden Biesen, Belgium, December 2011
  • å ta i bruk ny teknologi som smarttelefonar, pc/mac, ipad, nettbrett, osv.
Overordna mål er at forteljingar skal fremja livslang læring.

Delmål er
1. å fremja forteljeaktivitetar mellom generasjonane som middel til auka kunnskap og kompetanse
2. å laga ei mobil ("reisande") utstilling både av forteljingane våre og erfaringane våre når vi tar vare på dei for ettertida. Slik vil vi retta fokus mot vårt eige og dei andre prosjektpartnarane sine samfunn
3. å skapa varige band mellom samfunna våre og på den måten støtta opp under innsamling av forteljingar og deling av forteljingar både lokalt og i europeisk samanheng
4. å gjera det mogeleg også for folk som ikkje er IKT-kyndige å delta i aktivitetane, og bruka til fulle sosiale arrangement, utandørs aktivitetar, underhaldning og workshops der ein legg vekt på nyskapande bruk av kunstartar og media. 
Utstillingane som vil bli sett opp i kvart av landa skal ha fokus retta mot alle desse aktivitetane.
...


Frå prosjektsøknaden:

PROJECT OBJECTIVES AND STRATEGY
Overall objectives:
1. To help provide adults with opportuities to improve their knowledge, skills and self-esteem by promoting informal learning by sharing their stories and memories. Especially those stories important to themselves and their community.
2. To provide trainers and other adult education staff from partners' countries, with the opportunity to exchange skills, experiences and information on the effectiveness of a various contemporary and traditional communication methods, especially those relevant to story gathering, in our communities.
3. To enable the informal training in the use of contemporary technology (SmartPhones, Tablets and Netbooks etc) to support the StorySavers project and the wider needs of the community as a whole.
4. To promote storytelling as a tool for Life-Long-Learning.
Storysavers use new technologies...
Specific objectives
1. To promote story-telling activities across the generations as a vehicle to improving knowledge and competencies.
2. To develop a travelling exhibition of both our stories and our experiences of recording them. This will give learning about each others communities focus. We intend it to make learning about each others communities more interesting and informative, increase the motivation of our learners and encourage them to take responsibility for learning. We hope this will improve self-esteem, reduce our adult learners anxiety about active learning.
3. To create lasting links between our communities that will facilitate the story gathering and sharing process both locally and Europe wide. 


...as well as traditional communication channels,
such as talking together.
4. Where relevant ICT literacy levels are low or non-existent, partners will endeavour to provide extra support and ensure that creative processes allow full participation. The partners will also maximise use of social occasions, outdoor activities, entertainments and workshops with innovative use of arts & media. The focus of all of these being the exhibitions  to be organised in each country.

lørdag 23. juni 2012

Storysavers - vi fekk prosjektet!

Jippiii! :) Vi har fått prosjektet StorySavers ... Tell your Story, Make History, som er eit EU-finansiert Grundtvig partnarskap over to år. Første prosjektmøte finn stad i Norge, i Odda i slutten av september 2012. I prosjektet deltar sju organisasjonar frå sju europeiske land, dei fleste er museum eller organisasjonar som arbeider med vaksenopplæring og livslang læring. Vi kjem frå Wales, Norge, Hellas, Tsjekkia, Polen, Irland og Frankrike.

I arbeidet med å førebu det første prosjektmøtet i Odda skal det opprettast ei lokal prosjektgruppe med frivillige og lokale organisasjonar som kan hjelpa til med å førebu møtet Dei skal blant anna hjelpa til med å få fram lokale forteljetradisjonar i Odda/Hardanger, og noko av dette vil bli lagt fram på prosjektmøtet i Odda. Eksempel på dette kan vera kan framføring av forteljingar av eller opplesing med lokale forteljarar, korte foredrag og forteljingar i Odda/Hardanger, presentasjon av bokmateriale med forteljarstoff frå Odda - alt med omsetjing til engelsk knytt til framføringane. Vi planlegg også ei prosjektutstilling i samband med prosjektmøtet.
Storysavers at Alden Biesen (Belgium)
Grundtvig Contact Seminar

Prosjektet StorySavers ... Tell your Story, Make History går - kort sagt - ut på å få fram, presentera og ta vare på lokale forteljingar i lokalsamfunna der deltakarorganisasjonane har tilknyting.

Formålet med prosjektet er i prosjektsøknaden beskrive slik:
  • A project to use the medium of story-telling to explore/record and exchange/compare important local stories across Europe. By doing this we hope to discover and explore stories that are relevant to us all. We hope to share issues, problems, difficulties, perspectives, wisdom, humour and triumphs in a way that helps to build lasting understanding between all of the individual contributors and that acts as an effective tool that enables continuing adult learning
Om arbeidsmåtar står det blant anna:
  • Each partner will identify a local need or story and a group of story-gatherers that will engage in the detailed work. Activities will include development of StorySavers newsletters, Internet and Social-Network sites and setting up of physical StorySavers groups in each partner’s region. Staff working with older people and families will be trained in listening and gathering techniques and we will organise regional StorySavers exhibitions during our meetings, which will bring in the public and many other organisations into our regions. 
  • At the completion of the project we will record and disseminate the stories and memories in our various areas before they disappear for ever. We then hope to record and share those stories as an e-book and a range of other appropriate methods and media.
* * *
Kjenner du til folk frå distriktet som kan ha interesse av prosjektet, enten å få del i prosjektinnhaldet eller som kan delta på prosjektmøte med framføringar? I så fall, fint om du kan ta kontakt via telefon 90062324 eller e-post oivindsolheim@gmail.com 

For meir informasjon om rammene for prosjektet, osv., sjå også blogginnlegget på denne bloggen 21.01.2012.
Meir om prosjektet og møtet i Odda kjem i seinare innlegg her.

søndag 17. juni 2012

22. juli-saka: Ei skam!

Det er ei skam at det norske rettsapparatet, massemedia i samla flokk og store delar av folket i landet vårt lar fokuset flytta seg bort frå det som det dreiar seg om i 22. juli-saka. Psykiatristriden flyttar energi og fokus bort frå det saka handlar om: å bli ferdig med og få dømt den ynkelege og patetiske 32-åringen - ettersom det ikkje finst fnugg av tvil om skyldspørsmålet - og bli ferdig med den medieeksponeringa som han så gjerne vil ha. 
Situasjonen har oppstått fordi altfor mange lar seg fanga inn av det som etter kvart har vist seg å vera dei reint akademiske spørsmåla om ugjerningsmannen er «strafferettsleg tilrekneleg» eller «strafferettsleg ikkje tilrekneleg». Overlevande offer for ugjerningane og familiane til etterlatne og overlevande burde ha blitt sparte for desse 40 dagane med mediefokus der ugjerningsmannen får nyta all den publisiteten som rettsapparatet og media kan tilby. Ser dei som regissserer dette spelet då ikkje at denne mannen ikkje fortener all denne publisiteten? At denne mannen skulle vore dømd ekspress og snarast stuva bort for evig tid i det skuggelandet der han høyrer heime? Kvifor i all verda skal samfunnet og vi bruka så enorme ressursar på alt dette snakket om «strafferettsleg tilrekneleg» eller «strafferettsleg ikkje tilrekneleg», som eg er sikker på at ikkje mange av dei som er direkte ramma av ugjerningane ikkje ønskjer meir enn høgst nødvendig snakk om?
For kva skjer no? - Ikkje berre får ugjerningsmamnnen lov til å sola seg i rampelyset desse 40 dagane. Også mediaflokken, dei faglærte (psykiatrien, psykologane, juristane osv.) og andre likesinna aktørar er som alltid svoltne på eksponering og solar seg som best dei får til mens dei gjennomfører dei akademiske diskusjonane sine i rettssalen og i media. Ja, journalistane - det står ikkje betre til med dei heller. Dei livnærer seg bokstaveleg talt av dei daglege kommentarane dei er forplikta til å levera, og ikkje alltid er desse kommentarane vel gjennomtenkte. Eller kva skal vi seia om kommentatoren i Bergens Tidende som tidleg i saka kommenterte at det var veldig viktig at vi ikkje gløymde mennesket ABB oppi dette, at han faktisk også er eit menneske. (Eg beklagar om dette ikkje er ordrett gjengitt, for eg tok dessverre ikkje vare på avisa, og på nettet finn eg ikkje lenger kommentaren hennar.)
Jodå, eg forstår at rettsstaten må gjennomføra ei ordentleg rettssak, men eg er sikker på at det kunne vore gjort også utan å gi så stort medierom til ugjerningsmannen og til alle desse (rett nok nødvendige) ekspertisane (psykiatarar/psykologar/juristar/mediafolk) som får lov til å utfalda seg i dette magiske medierommet.
Det som manglar, og som enkelte av dei direkte ramma av valden har ytra offentleg at dei saknar, det er at rettsstaten sine aktørar kan halda rett fokus: denne gjerningsmannen, det han har gjort, og kva for konsekvensar det han har gjort skal få for han.
Starten på rettssaka gav oss dessverre bilde (fotografi publiserte i alle media) som altfor godt illustrerer denne gjensidige avhengigheita mellom dei ulike aktørane i rettsaka: Dommar, aktor og sakkunnige som går fram og handhelsar på ugjerningsmannen. Han tar naturlegvis imot helsingane med takk og smil - for han er slikt berre ein bonus, men for meg og mange andre er å sjå slike bilde direkte støytande. Dessverre er eg ganske sikker på at om mediafolka hadde fått høve til å ta ugjerningsmannen i handa, så ville dei gjort det, mange av dei også. 
Ja, bildet av dei handhelsande har gjort eit sterkt inntrykk på meg, så eg seier igjen:
- Javisst er det normalt når ei rettssak startar - og det er rett etikette og vanleg høflegheit - å ta den tiltalte i handa, liksom for å seia: «Ja, vi veit kva du er tiltalt for, men før du er dømd er du ikkje skuldig, så -.» Men kvifor måtte desse aktørane vera så høflege og følgja vanleg folkeskikk i dette tilfellet. I mine auga ville det ha vore å utvisa eit snev av moralsk mot og sjølvstendig tenking på dag 1 av rettssaka å rett og slett la vera å handhelsa på ugjerningsmannen ABB.

mandag 14. mai 2012

Tilbake frå Beijing - litt klokare

Eg skreiv før vi reiste frå Bergen at eg ville skriva frå turen og legga ut bilde i bloggen, men det var ikkje så enkelt, det. Både bloggen, Facebook og YouTube er blokkert i Kina, så der har vi eit mål på kvar dei står i dette gigantiske landet når det gjeld ytringsfridom. På flyet austover frå Amsterdam for vel ei veke sidan las eg også om den blinde mannen som hadde protestert mot Kina sin politikk med tvangsabortering av kvinner som er gravide med barn nummer to, og som har vore fengsla og forfølgd av styresmaktene. Eg ser no at ABC Online under overskrifta Blind activist Chen Guangcheng to leave China
 skriv at Chen skal få opphald i USA og skal reisa dit.

Den andre store negative overraskinga i Beijing var den dårlege luftkvaliteten. Byen er hardt plaga av smog, og då vi var der, var det stort sett skyfri himmel og rundt 30 grader, men på grunn av den nesten ugjennomtrengelege disen såg vi berre sola i beste fall som eit diffust lysande punkt på himmelen.

Meir om  heilt andre og positive opplevingar i og nær Beijing kjem her seinare. 

fredag 4. mai 2012

Fredag morgon, koffertane er nesten ferdig pakka og i går fekk vil til og med tilbake passa våre med visum til Kina! Ein viktig lærdom har vi allereie fått: bestilla visum i god tid (fleire veker før avreise!). Vi var ute i siste liten, og oppdaga at det ikkje lenger går an å senda visumsøknad pr post eller elektronisk til den kinesiske ambassaden. Vi måtte alliera oss med eit firma i Oslo som tar seg av å levera søknad på ambassaden og henta ferdige pass med visum. Det kosta flesk, men vi kom i mål!

Å reisa som turist til verdas mest folkerike land, på andre sida av jordkloden, er ei ny oppleving for oss begge. Ikkje veldig skummelt (folk har reist dit før oss), kanskje heller ikkje veldig spesielt. Men forventninga er blant anna å oppleva på nytt dette som ein på fransk kan kalla "dépaysement" - å bli rykt ut av dei vanlege rammene for livet, å vera midt i noko totalt annleis og framandt. Kanskje det gir nye tankar, nye kjensler, ny inspirasjon?

Vel, forventningane til akkurat det er ikkje skyhøge, men -.  Om nøyaktig seks timar lettar flyet frå Flesland, vi er snart i gang!

tirsdag 1. mai 2012

Beijing neste

Kari Anne og eg stikk snart av frå alt det kjende og kjære. Om fire dagar reiser vi ut av landet, berre vi to, under påskot om at vi har vore gift i 25 år - såkalla sølvbryllup.

Vel - eit høve til å koma seg bort litt, og kanskje til å samla seg og tankane. Og fokusera på andre ting enn det som vi ellers alltid har framfor oss i kvardagane.

Eg tenkte først på New York, men så dukka tanken på Beijing opp - og den freista meir. Så 4. mai reiser vi utover til Flesland, der vi set oss på flyet til Amsterdam, og frå Amsterdam går det vidare i jetfart til Beijing.

Eg har tenkt å skriva og å legga ut bilde frå desse dagane, så får dei som har lyst, følgja med litt.

Takk alt no til Henriette og til mor som stiller opp heime, og tar ansvar for plikter som vi ikkje berre kan reisa ifrå der heime!

lørdag 21. januar 2012

StorySavers ... Tell your Story, Make History


Odda har i mange år hatt folk som er intenst opptatte av å ta vare på den nære historia til byen og bygdene rundt, og folk i Odda har ikkje minst dei siste ti åra vist eit enormt engasjement i forhold til den nære historia vår.

I desse dagar sluttfører eg saman med gode partnarar frå seks andre europeiske land (Frankrike, Hellas, Irland, Polen, Tsjekkia og Wales) skrivinga av ein felles søknad om eit Grundtvig partnarskap, Storysavers... Tell your Story, Make History. Dette er eit prosjekt finansiert av EU der vi har bruk for gode samarbeidspartnarar i Odda. 
Prosjektet er eit Grundtvig læringspartnarskap som går over to år, frå august 2012 til juli 2014. I eit Grundtvig læringspartnarskap er det ingen store krav til sluttprodukt/resultat. Læring er det det er fokus på, men det må likevel seiast at slik det ser ut no har vi skrive ein særs ambisiøs og innhaldsrik søknad. Vi skal i løpet av dei to åra besøka alle partnarorganisasjonane. I Norge skal vi legga prosjektmøtet til Odda (hausten 2012) der vi håper å få til eit samarbeid med lokale folk som kan bidra med forteljingar som vi vil skriva ned og også ta vare på digitalt for å sikra materialet for framtida. Som metodar for å ta vare på forteljingane har vi tenkt på nedskriving, lyd og bildeopptak ved hjelp av mobil såvel som ved hjelp av meir teknisk avanserte verktøy. Vi ser for oss at ein god måte å få fram og ta vare på forteljingar på, kan vera å engasjera ungdommar som intervjuar eldre. Kanskje kan elevar og lærarar i skulane i Odda her vera aktuelle deltakarar? Vi ser også for oss at organisasjonar som N.V.I.M., Odda Mållag og biblioteket i Odda vil vera sentrale aktørar i dette.
Vi har i prosjektgruppa diskutert ulike former for publisering, frå websider og blogg, digital bok med eksempel på forteljingar og forteljeteknikkar frå alle landa, til ei trykt bok med det same innhaldet, og bruk av sosiale media. 
Mykje av ideen med prosjektet dreiar seg om å skapa kommunikasjon, og å bygga bruer mellom generasjonane.
Det vi treng frå Odda-folk, er altså ei gruppe som kan stilla opp og vera med og gjennomføra eit prosjektmøte hausten 2012 der vi gir eksempel på storytelling i Odda, og seier noko om korleis ein i Odda prøver å ta vare på forteljingar frå lokalhistoria.

Ein del av dei som deltar lokalt frå Odda vil få tilbod om å vera med på tur ut i Europa, ettersom vi skal besøka kvar av dei andre organisasjonane og høyra/sjå kva dei kan by fram. Alle utgifter til reise og opphald på desse turane blir dekte av prosjektmidlane. 
(Og alt som er sagt sjølvsagt med atterhald om at vi lykkast med søknaden og får prosjektet!)
Vil du vita meir om dette? - Ta kontakt med Øivind H. Solheim, e-post oivindsolheim@gmail.com, mobil 90062324.