Jippiii! :) Vi har fått prosjektet StorySavers ... Tell your Story, Make History, som er eit EU-finansiert Grundtvig partnarskap over to år. Første prosjektmøte finn stad i Norge, i Odda i slutten av september 2012. I prosjektet deltar sju organisasjonar frå sju europeiske land, dei fleste er museum eller organisasjonar som arbeider med vaksenopplæring og livslang læring. Vi kjem frå Wales, Norge, Hellas, Tsjekkia, Polen, Irland og Frankrike.
I arbeidet med å førebu det første prosjektmøtet i Odda skal det opprettast ei lokal prosjektgruppe med frivillige og lokale organisasjonar som kan hjelpa til med å førebu møtet Dei skal blant anna hjelpa til med å få fram lokale forteljetradisjonar i Odda/Hardanger, og noko av dette vil bli lagt fram på prosjektmøtet i Odda. Eksempel på dette kan vera kan framføring av forteljingar av eller opplesing med lokale forteljarar, korte foredrag og forteljingar i Odda/Hardanger, presentasjon av bokmateriale med forteljarstoff frå Odda - alt med omsetjing til engelsk knytt til framføringane. Vi planlegg også ei prosjektutstilling i samband med prosjektmøtet.
Prosjektet StorySavers ... Tell your Story, Make History går - kort sagt - ut på å få fram, presentera og ta vare på lokale forteljingar i lokalsamfunna der deltakarorganisasjonane har tilknyting.
Formålet med prosjektet er i prosjektsøknaden beskrive slik:
- A project to use the medium of story-telling to explore/record and exchange/compare important local stories across Europe. By doing this we hope to discover and explore stories that are relevant to us all. We hope to share issues, problems, difficulties, perspectives, wisdom, humour and triumphs in a way that helps to build lasting understanding between all of the individual contributors and that acts as an effective tool that enables continuing adult learning
- Each partner will identify a local need or story and a group of story-gatherers that will engage in the detailed work. Activities will include development of StorySavers newsletters, Internet and Social-Network sites and setting up of physical StorySavers groups in each partner’s region. Staff working with older people and families will be trained in listening and gathering techniques and we will organise regional StorySavers exhibitions during our meetings, which will bring in the public and many other organisations into our regions.
- At the completion of the project we will record and disseminate the stories and memories in our various areas before they disappear for ever. We then hope to record and share those stories as an e-book and a range of other appropriate methods and media.
* * *
Kjenner du til folk frå distriktet som kan ha interesse av prosjektet, enten å få del i prosjektinnhaldet eller som kan delta på prosjektmøte med framføringar? I så fall, fint om du kan ta kontakt via telefon 90062324 eller e-post oivindsolheim@gmail.com
For meir informasjon om rammene for prosjektet, osv., sjå også blogginnlegget på denne bloggen 21.01.2012.
Meir om prosjektet og møtet i Odda kjem i seinare innlegg her.
Meir om prosjektet og møtet i Odda kjem i seinare innlegg her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar