søndag 17. juni 2012

22. juli-saka: Ei skam!

Det er ei skam at det norske rettsapparatet, massemedia i samla flokk og store delar av folket i landet vårt lar fokuset flytta seg bort frå det som det dreiar seg om i 22. juli-saka. Psykiatristriden flyttar energi og fokus bort frå det saka handlar om: å bli ferdig med og få dømt den ynkelege og patetiske 32-åringen - ettersom det ikkje finst fnugg av tvil om skyldspørsmålet - og bli ferdig med den medieeksponeringa som han så gjerne vil ha. 
Situasjonen har oppstått fordi altfor mange lar seg fanga inn av det som etter kvart har vist seg å vera dei reint akademiske spørsmåla om ugjerningsmannen er «strafferettsleg tilrekneleg» eller «strafferettsleg ikkje tilrekneleg». Overlevande offer for ugjerningane og familiane til etterlatne og overlevande burde ha blitt sparte for desse 40 dagane med mediefokus der ugjerningsmannen får nyta all den publisiteten som rettsapparatet og media kan tilby. Ser dei som regissserer dette spelet då ikkje at denne mannen ikkje fortener all denne publisiteten? At denne mannen skulle vore dømd ekspress og snarast stuva bort for evig tid i det skuggelandet der han høyrer heime? Kvifor i all verda skal samfunnet og vi bruka så enorme ressursar på alt dette snakket om «strafferettsleg tilrekneleg» eller «strafferettsleg ikkje tilrekneleg», som eg er sikker på at ikkje mange av dei som er direkte ramma av ugjerningane ikkje ønskjer meir enn høgst nødvendig snakk om?
For kva skjer no? - Ikkje berre får ugjerningsmamnnen lov til å sola seg i rampelyset desse 40 dagane. Også mediaflokken, dei faglærte (psykiatrien, psykologane, juristane osv.) og andre likesinna aktørar er som alltid svoltne på eksponering og solar seg som best dei får til mens dei gjennomfører dei akademiske diskusjonane sine i rettssalen og i media. Ja, journalistane - det står ikkje betre til med dei heller. Dei livnærer seg bokstaveleg talt av dei daglege kommentarane dei er forplikta til å levera, og ikkje alltid er desse kommentarane vel gjennomtenkte. Eller kva skal vi seia om kommentatoren i Bergens Tidende som tidleg i saka kommenterte at det var veldig viktig at vi ikkje gløymde mennesket ABB oppi dette, at han faktisk også er eit menneske. (Eg beklagar om dette ikkje er ordrett gjengitt, for eg tok dessverre ikkje vare på avisa, og på nettet finn eg ikkje lenger kommentaren hennar.)
Jodå, eg forstår at rettsstaten må gjennomføra ei ordentleg rettssak, men eg er sikker på at det kunne vore gjort også utan å gi så stort medierom til ugjerningsmannen og til alle desse (rett nok nødvendige) ekspertisane (psykiatarar/psykologar/juristar/mediafolk) som får lov til å utfalda seg i dette magiske medierommet.
Det som manglar, og som enkelte av dei direkte ramma av valden har ytra offentleg at dei saknar, det er at rettsstaten sine aktørar kan halda rett fokus: denne gjerningsmannen, det han har gjort, og kva for konsekvensar det han har gjort skal få for han.
Starten på rettssaka gav oss dessverre bilde (fotografi publiserte i alle media) som altfor godt illustrerer denne gjensidige avhengigheita mellom dei ulike aktørane i rettsaka: Dommar, aktor og sakkunnige som går fram og handhelsar på ugjerningsmannen. Han tar naturlegvis imot helsingane med takk og smil - for han er slikt berre ein bonus, men for meg og mange andre er å sjå slike bilde direkte støytande. Dessverre er eg ganske sikker på at om mediafolka hadde fått høve til å ta ugjerningsmannen i handa, så ville dei gjort det, mange av dei også. 
Ja, bildet av dei handhelsande har gjort eit sterkt inntrykk på meg, så eg seier igjen:
- Javisst er det normalt når ei rettssak startar - og det er rett etikette og vanleg høflegheit - å ta den tiltalte i handa, liksom for å seia: «Ja, vi veit kva du er tiltalt for, men før du er dømd er du ikkje skuldig, så -.» Men kvifor måtte desse aktørane vera så høflege og følgja vanleg folkeskikk i dette tilfellet. I mine auga ville det ha vore å utvisa eit snev av moralsk mot og sjølvstendig tenking på dag 1 av rettssaka å rett og slett la vera å handhelsa på ugjerningsmannen ABB.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar