tirsdag 6. november 2012

Tale til dåpsbarnet, søndag 4. november 2012

Kjære Sophie, 
(kjære mamma Ragne og pappa Morten, kjære besteforeldre, kjære tanter og onkel og slekt forøvrig)

Ja, kjære Sophie, 
Endeleg er du komen til den dagen då du har fått skvetta vatn på det vesle hovudet ditt, eller har blitt døypt som vi seier.
Vi kan forstå at du heilt frå starten av var litt usikker, at du frå du var fødd såg litt betenkt ut, for veldig alvorleg i ansiktet var du faktisk dei første dagane og vekene. Eg veit det, for eg var der og tok bilde etter bilde av deg, men enten så sov du, eller så såg du berre søvnig og/eller alvorleg på meg. 

Men Sophie, vi forstår deg, du var sikkert litt bekymra med tanke på det som skulle skje - ikkje berre det at du skulle bli døypt (du var sikkert spent på om vatnet var for kaldt eller for varmt, eller sånn akkurat passe, og om presten kom til å vera hard på labben eller fjørlett på handa - eller akkurat sånn passe - når han omsorgsfullt tørka deg på hovudet etter dåpshandlinga). 

Sophie, du såg veldig alvorleg ut den første tida, sikkert litt bekymra også med tanke på alt det andre som du skal oppleva og som du skal gjennom i livet. Vi nemner i fleng: 
  • læra å sitja i sofaen mellom mamma og pappa,
  • læra å sitja oppreist utan støtte på golvet, 
  • læra å krabba, 
  • læra å reisa deg og stå litt ustødig på to bein midt på golvet med fast grep i handa til pappa eller mamma, eller støtta til stolen ved sida av deg,
  • klara å få dingel-dangel-leikene til å gi den koselege lyden frå seg,
  • slutta å suga på mamma sin pupp,
  • slutta å sutta på narresmokk, 
  • læra å stå oppreist utan å halda deg,
  • læra å gå åleine trygt over golvet utan at farfar eller morfar får nervar av å sjå deg,
  • utforska nabolaget rundt huset der du og mamma og pappa bur utan ein vaksen i hælane som ikkje vil sleppa deg...


Ja kjære Sophie, og kjære familie og alle,
denne lista er lang - ikkje lang som eit vondt år, men faktisk lang som mange lange og ikkje nødvendigvis vonde år. Faktisk, Sophie, så er det cirka og ganske nøyaktig (vi har talt etter) tretten tusen sju hundre og førtiseks slike ting som vi kunne ramsa opp for deg, ting som du skal læra eller gjennomgå, oppleva, bli utsett for, bli ramma av, lengta etter, grua deg til, osv., osv. 

Etter kvart skal du også gjennom ein serie med ting som heiter den første, eller det første
  • den første tanna du får,
  • den første vennen du får deg,
  • den første skuledagen, 
  • den første tanna du mistar, 
  • den første forelskinga, 
  • det første kysset, 
  • den første kjærleikssorga, osv. osv. 

For det er jo dette (og masse meir) som er det livet som du nyleg har begynt på. Alle desse små og litt større tinga som til saman blir livet ditt, og livet vårt, mor Ragne og far Morten, farmor og farfar, mormor og morfar, tanter og onkel, osv, osv.

Som stolt morfar og mormor er vi veldig glade for at du etter desse første vekene i konsentrert og alvorleg ettertanke har kome fram til at det er verd å prøva eit smil iblant. Vi ser på bilda som mamma har sendt oss at du, trass din unge alder - alt har forstått - eller begynt å forstå - dette viktige i livet: ikkje alt er alvor og ikkje alt er skummelt. Og eg trur at du er i ferd med vinna den verdifulle kunnskapen om at eit smil er verdt meir enn tusen sure miner. Så smil, Sophie, hald fram med å smila til oss og til verden, så vil vi og kanskje også verden vil smila til deg!

Kjære Sophie, vi kunne gjerne ha gitt deg mange fleire eksempel på ting som ligg framfor deg i livet, og grunnar til å møta verden med smil og opent sinn. Men vi vil spara noko av dette til seinare, for vi trur vi kanskje får fleire anledningar der vi kan utveksla tankar om dette, du og mormor og eg.
Til dykk to som er mor og far til dette flotte barnet skulle vi gjerne også ha gitt nokre gode råd på vegen. For det er jo slik, ikkje sant, at det er vi, besteforeldregenerasjonen, det er vi som veit best, vi som veit alt, for det er vi som har levt lengst! Vår erfaring er (nesten) uendeleg, vi veit (nesten) alt, vi kan alt, og det er vi som veit best. Så kanskje skulle vi ha gitt dykk ein fullstendig oversikt over utfordringane ved det å ha og oppdra barn, å gjera dei rette tinga, vera på rett plass i rett tid, vera til stades for Sophie, seia nei, ja, nei, nei, ja ja, nei nei nei, ja på dei rette plassane, osv. osv. Men veit de kva, Ragne og Morten og Sophie, dette får de finna ut av sjølv, i alle fall stort sett (men det betyr ikkje at de ikkje kan spørja om de vil).

For, gode venner, det er jo slik at dei beste råda er dei du finn fram til sjølv, den beste kompassnåla er den som finst inni deg sjølv, så vi seier derfor berre: Stol på dykk sjølv, gjer det som de føler er rett og gi denne vesle jenta alt det gode som ho fortener og som vil førebu henne til eit rikt og godt liv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar