lørdag 21. oktober 2017

På veg oppover

Eg står ved snøkanten bortanfor parkeringsplassen og tar på meg utstyret. Nykjøpte randonneeski med høgteknologiske bindingar, sko og stavar, til ein pris eg verken vil snakka om eller tenka på. Eg rettar blikket og tankane framover, oppover, mot toppane bak den snødekte slalombakken som er forlatt for sesongen og ein ypparleg plass å starta for ein som vil gå til fjells mens det enno er snø der oppe.

På veg oppover i fjellsida tenker eg på Sisyfos. Sisyfos er ein figur i gresk mytologi, konge i Korint, som i følgje segna til evig tid var dømd av gudane til å trilla ein stor stein oppover ei bratt fjellside. Kvar gong Sisyfos nådde toppen med den runde steinen, rulla steinen ned igjen. Blant dei som har interessert seg for denne figuren og lagnaden hans, er den franske forfattaren og filosofen Albert Camus. Camus publiserte i 1942 essayet «Le Mythe de Sisyphe» - Myten om Sisyfos. I dette essayet introduserer Camus filosofien sin om det absurde: menneske opplever verda som meiningslaus og uforståeleg, gud er død og det finst ikkje evige sanningar eller verdiar. Vil ei realisering av det absurde kreva at ein tar livet av seg? Camus svarer: "Nei, det krev opprør.» (Kjelde: Wikipedia).

I essayet Myten om Sisyfos skriv Camus ein stad om Sisyfos, antihelten sin, i den fasen av det harde arbeidet han er pålagd då han er på veg nedover igjen, etter at steinen har rulla ned: «Il faut imaginer Sisyphe heureux.» - Ein må tenka seg at Sisyfos er lykkeleg.

















Eg tolkar Camus slik at Sisyfos, når han er på veg nedover igjen etter den store innsatsen og anstrenginga, finn tid og rom
for refleksjon, for å kjenna etter og setja ord på det han  kjenner på og går gjennom. Han er tross alt i live, og han har endå ein gong klart å utføra den tunge og vanskelege oppgåva han er pålagd.

Eg kjenner meg delvis igjen i Camus si tolking av lagnaden til Sisyfos. Vi menneske som lever i dag kan langt på veg - med all informasjonsflyten og all kunnskapen som flyt forbi oss, oppleva verda som litt meiningslaus og langt på veg uforståeleg - gud er død og det finst kanskje ikkje så mange evige sanningar eller verdiar. Det siste er det jo opp til oss som lever saman i verda i dag å setja ord på og å bestemma. 

Eg følgjer Camus si beskriving av lagnaden til Sisyfos, men eg opplever ikkje Sisyfos nøyaktig på same måte som Camus. Det er når eg sakte og møysommeleg trakkar oppover fjellsida i fjellsko eller på randonneeski med fellar, og utan den tunge børa som det er å trilla ein rund stein oppover - at eg kjenner på slektskapen min med Sisyfos. Dette - når eg sakte og roleg trakkar oppover utan å slita meg heilt ut - er den privigilerte stunda mi for å kjenna etter, for å la tankane flyga høgt og la kjenslene sveva i det uendelege rommet over meg. Det er på vegen oppover i fjellsida at eg kjenner på noko som eg vil kalla lykke, om enn ein veldig beskjeden variant av det slaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar