fredag 16. mars 2018

Åleine, ja - men einsam?

Då eg var liten gut (og det er lenge sidan, veldig lenge sidan!) kunne det henda at eg gjekk og tenkte at eg var einsam. 

Men var eg eit einsamt barn? 

Kanskje eg berre kjeda meg? 

I lange periodar av tenåringsalderen hadde eg ein god kamerat, ein som eg i mange år møtte kvar dag etter skulen og brukta tida mi saman med, ein som eg fekk reisa på tur til hytta med, saman med foreldra hans. 

Det var nok slik at det fanst tider i oppveksten då eg var åleine og då eg gjekk og kjeda meg. Men var eg derfor einsam? 

Det eine treng ikkje nødvendigvis inkludera det andre. Eg kan godt vera åleine og kjeda meg. Ja, kanskje er det lettare å kjeda seg når ein er åleine enn når ein ikkje er det? Men samstundes veit eg at å vera åleine for meg i dag - som vaksen - er viktig for at eg skal få gjort det eg helst av alt vil gjera: å tenka, å læra og å skriva.

Eg ser at det som barn var bra for meg å ha ein kamerat, ein å vera i lag med i det daglege. Eg, liksom alle skuleungane, møtte jo andre barn og unge når eg var på skulen, og når eg i tillegg hadde ein som eg kunne vera i lag med på fritida, fekk eg nok det eg som barn hadde behov for av sosialt samkvem. At kameraten min og eg kanskje kjeda oss ein del der vi gjekk gatelangs i byen der eg voks opp, det er jo ein anna sak. Vi kjeda oss saman.

Eit sentralt spørsmål for meg er dette: Er det uheldig eller gunstig å vera åleine og å kjeda seg?

Som godt vaksen har eg ikkje behov for heile tida å vera i lag med andre, og å oppleva ting og dela tankar og erfaringar med dei. Samver med andre er viktig og bra for meg, det veit eg. Men samstundes veit eg at eg har behov for åleinetid, og å ha slik tid trur eg er bra for alle.

Kanskje er det slik at ein som barn og ungdom lettare kjedar seg når ein er åleine, og at dette fort kan bli opplevd som einsemd? 

Eg skal ikkje forenkla dette, og eg skal for all del ikkje undervurdera det at menneske kan kjenna seg einsame og at enkelte er veldig, veldig einsame. Påstanden min er at einsemd og det å vera åleine er to ulike tilstandar. Eg kan godt vera åleine og likevel ha det bra. Men igjen, berre så det er sagt - å vera einsam, å kjenna at ingen ser meg, at ingen bryr seg om meg - det trur eg er svært uheldig. Eg veit at menneske lever veldig einsame i samfunnet vårt, somme lever og døyr i stor einsemd.

*

I den tida vi lever i er det mykje støy rundt oss. Både visuell støy og masse lyd. Og vi lever alle i denne tida. Vi går alle ei viss tid på jorda og under opphaldet vårt her har vi ein del alternativ som vi kan velja mellom. 

Eg kjenner av og til i det daglege at kan det verka som om eg har eit hav av tid å ta av. Men samstundes så veit eg at tida mi er avgrensa, og at totalsummen av tida mi er ukjend. 

Mens eg var i full jobb (undervisning, og seinare vaksenopplæring i vidaregåande skule) tenkte eg nok ikkje så mykje på det. Eg hadde nok med å vera fullt og heilt til stades der eg skulle vera, i jobben, og i familien.

No har eg vore ute av den konteksten i nokre år, har prøvd det nye tilværet, har fått prøva dette å ha mykje tid for meg sjølv, åleine. Tid til å slappa av, tid til å tenka, lesa, læra, planlegga, reflektera.

Eg har nokre tankar som eg trur kan vera gode for dei som er lenger nede på livsstigen. Det er i grunnen nokså banalt, men likevel kanskje ikkje heilt i tråd med slik mange av oss har levd og lever:
  • Nyt tida og det du opplever der du er. 
  • Gå for fullt inn i oppgåvene, ta fatt i det som blir venta av deg, men sei stopp når nok er nok.
  • Ta vare på helsa, slutt med uvanar som røyking, rusmisbruk og for mykje alkohol. 
  • Kom i gang med trening fleire gonger i veka, ta vare på kropp og sinn.
  • Bry deg om dei nærmaste rundt deg, samfunnet du lever i, og verda.
  • Bruk tid på deg sjølv, på å tenka rundt livet, der du er og der du skal.

Ha ein nydeleg dag! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar