søndag 9. januar 2011

Framtid og optimisme for Odda

Kva er det med Odda? – Ikkje enkelt å svara på, men eg vågar meg likevel på å prøva å gi eit svar: I Odda er det ei polarisering, i vår tid ikkje lenger mellom arbeidarklassen og borgarskapet, men mellom ei gruppering av personar som med negativt tankegods innabords snakkar i store bokstavar om det nedlagde smelteverket og seier ”riv heile skiten”, og på den andre sida folk i Odda som ønskjer ei positiv utvikling for byen, med ny næringsutvikling, ny industri og ei utvikling som tar vare på arven frå fortida. Den uheldige situasjonen som har oppstått no, med at riksantikvaren har tatt Odda ut av søknaden om verdsarvstatus, er eit direkte resultat av denne skadelege polariseringa. Første jobb for alle som vil Odda vel, burde no vera å reparera skaden og få Odda inn igjen i den nemnde søknaden.

I Odda kjenner eg stort sett folk som i utgangspunktet ikkje ønskjer å riva alt som er gammalt. Sett utanfrå kan det tidt verka som om det er dei andre, dei som vil riva ned, som er dei dominerande kreftene på arenaen i Odda. Heldigvis ser vi likevel at svært mange andre – enkeltpersonar, lag, organisasjonar og institusjonar - arbeider fram nye prosjekt og skaper framtidstru i byen. Det er imponerande at oddingar dei siste åra har klart å få i stand flotte kulturtiltak som vasskraftmuseum, bluesfestival, litteratursymposium, teaterframsyningar i Lindehuset og mykje meir, og dessutan ny næringsaktivitet (som framleis er i startfasen) på smelteverkstomta. Det som er ein hemsko for Odda, det er at enkelte prøver å skapa splid i oddasamfunnet. Gjennom den høgrøysta kampanjen sin mot verdsarvsøknaden legg dei kjelkar i vegen for den utviklinga av smelteverkstomta som for lengst burde ha vore på plass, og som alle oddingar uansett i kva leir dei sit, ville ha hatt fordel av. Valet oddingane står overfor, er ikkje enten kjøpesenter på smelteverkstomta eller vern av det gamle smelteverket. Utfordringa er å klara å få til ei løysing som tilgodeser begge desse behova.

Ein innsendar i Bergens Tidende 7. januar 2011 meiner at ”ein som ikkje bur på staden” ikkje skal ytra seg i denne saka, i alle fall ikkje i ei anna retning enn den han vil. – Kva for slags holdning til ytringsfridom er det som kjem til uttrykk i slikt grums? Kven er det eigentleg som ”eig” Odda? Kven er eigentleg odding, kven har rett til å ytra seg offentleg om framtida for Odda? Er det dei som bur i Odda no, og berre dei? Vi som er fødde i Odda og har vokse opp der, men har reist ut - vi har då framleis vår tilknyting til Odda i behald! Vi har tette band til staden der vi voks opp, vi er glade i byen eller vi har eit engasjement for den. Innsendaren har den uvanen at han går til angrep på meiningsmotstandarar med personkarakteristikkar, og at han vil fortelja oss kva vi skal få lov til å drøfta. Han manglar sakleg argumentasjon for synspunkta sine, og slik sett har ein lite å henta hos han når – som han skriv - ”nye verksemder og nye arbeidsplassar må skapast” i Odda.

Akkurat dette er det viktigaste spørsmålet å ta fatt i i Odda no for tida. Ein av fleire mogelege vegar å gå for Odda, kunne vore noko av det som innsendaren ser ut til å ha berre forakt til overs for: tilrettelegging for varierte kulturaktivitetar, bygningsvern integrert i nybygging og ny næringsverksemd. I Trondheim dei har gjort vellykka bygningsmessige grep med det nedlagde Trondheim Mekaniske Verksted, som låg på austsida av Nidelven. Her på Solsiden, Nedre Elvehavn, som er det nye namnet, har dei blant anna tatt vare på dei ytre rammene, bygningsskalet med teglsteinsveggar, med vindauga i den gamle stilen, ein del nye etasjeskilje og ny innreiing. Og så har dei fylt bygningane med kjøpesenter – med butikkar av mange slag og med kafear og restaurantar og andre servicefunksjonar.

I Odda kan dei ikkje kopiera det dei har gjort med Trondheim Mekaniske Verksted, for butikkane i Odda har berre ein brøkdel av kundepotensialet i forhold til Solsiden i Trondheim. I Odda må dei derfor vera mykje meir kreative enn dei trong vera i Trondheim. Kanskje kan løysinga for Odda vera todelt, nemleg på den eine sida det som ordførar og varaordførar har flagga i det siste, nemleg ein konsentrasjon av dei nye butikkfunksjonane (det nye kjøpesenteret) nord for Cyanamiden, knytt saman med gågata i Odda. Og på den andre sida ei storsatsing på opplevingsturisme, med utfordrande aktivitetar i den flotte hardangernaturen, kombinert med tidsreiser tilbake til spennande epokar i Odda si historie.

Berre for å fokusera litt på det siste: Smelteverket i Odda var ein berebjelke i oddasamfunnet gjennom nesten 100 år. Hit kom folk frå alle kantar av landet, søkte seg arbeid i kortare eller lengre periodar og opplevde både oppgangs- og nedgangstider. NVIM sit på massevis av dokumentarisk stoff som fortel om sider ved livet på fabrikkane og i oddasamfunnet i denne perioden, og dei har god kompetanse i forhold til arbeid for å gjera denne historia tilgjengeleg for eit breitt publikum, for eksempel:

• Korleis var det å vera anleggsarbeidar i anleggsperioden, frå 1906 til 1908?

• Korleis opplevde den arbeidslause fabrikkarbeidaren og familien hans dei vanskelege åra då fabrikkane stoppa først på 1920-talet?

• Korleis var det å vera sjauar på eksportkaien i 1930-åra?

• Korleis var det å vera husmor i ein fabrikkarbeidarfamilie på 50-talet?

• Korleis var det for ein unggut å vera tappar på karbidomn 2 tidleg i 70-åra, slik bror min var ei tid, eller

• å vera reparatør og seinare mantelsveisar på omn 2, slik far min var i mange år?

• Og korleis hadde ein arbeidar det som i skift etter skift vart sett til å kosta og spa karbidstøv oppe i etasjane i omnshus 1 og 2, eller til å ha oppsyn med transportbeltet for kalkstein nede i kanalane under skaltaket? Desse sistnemnde arbeidsoppdraga er to av mange ulike jobbar eg hadde i dei periodane då eg i ungdommen arbeidde på smelteverket i Odda.

Det som eg tenker kunne ha vore veldig interessant, som ein liten del av framtidssatsing i Odda, det er om Odda inne på smelteverksområdet, i nokre av dei gamle bygningane kunne bygd opp eit levande industrimuseum og eit industristadmuseum som ei utviding av det som frå før er etablert. Saman med arenaer for kulturelle aktivitetar (teater, musikk, litteratur, utstillingar, dans og meir) som allereie finst på det nedlagde fabrikkområdet, kunne eit levande industrimuseum og industristadmuseum blitt eit flott tilbod til både tilreisande og lokale folk.

Nytenking og ny-orientering er svært viktig for å få til berekraftig næringsutvikling, og Odda treng begge delar. Samstundes er det viktig å ha med seg at kultur og turisme er to sektorar der ein ventar sterk økonomisk vekst i framtida. Dette bør kunna gi grunnlag for framtidstru og optimisme i Odda!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar