fredag 21. januar 2011

Pensjon og arbeidsinntekt i offentleg sektor

”Pensjon”
”Pensjonist”
”Gå av med pensjon” …

Ja, er du rundt 50 eller eldre, og synest du dette høyrest litt skremmande ut? – Litt urovekkande, tanken på at no er du blitt så gammal, at det no snart er tid for å orientera seg om den siste fasen i det yrkesaktive livet ditt, og overgangen til livet som pensjonist?

Det er jo så greitt med dette – alle stiller likt her, alle som beheld helsa blir gamle, og blir pensjonist, når alderen er der. Og då kjem pensjonsutbetalingane – livsvarig. Med pensjonsreforma har vi no fått nye mogelegheiter, blant anna kan vi stå i jobb dei siste åra som yrkesaktiv samstundes som vi kan ta ut alderspensjon frå folketrygda. Både lønn og alderspensjon utbetalt – utan avkorting – det høyrest jo bra ut!

Pensjonsreforma med dei nye reglane som begynte å virka frå 1. januar 2011 er blitt omtalt som ei svært positiv og lønnsom reform, og det er den, men ikkje like gunstig for alle! Det er ei reform som etter intensjonen skal vera lønnsom for staten, og for arbeidstakarane, pensjonistane. Lønnsom er nok reforma for staten, og for ein del av arbeidstakarane/pensjonistane. Med unntak av ei stor gruppe! Det er nemleg slik at arbeidstakarar i privat sektor kan arbeida så lenge dei vil og ta ut pensjon frå folketrygda og frå private pensjonsordningar utan avkorting, og desse blir dermed oppmuntra til å stå lenge i jobb. Dette fører nok sikkert til at mange fleire i privat sektor står i jobb lenger enn dei ellers ville ha gjort etter dei gamle reglane, dersom helsa held og arbeidsmiljøet på jobben er bra. Slik når regjering og storting målsetjingane sine for denne delen av arbeidstakarane – mange fleire vil truleg jobba lenger, og dermed betala skatt og avgifter nokre år ekstra.

Men kva med dei offentleg tilsette? Her har det glippa. I følgje statssekretær i Arbeidsdepartementet, Jan-Erik Støstad, skjedde glippen i tariffoppgjeret 2009, der regjeringa ville at den nye ordninga som er innførd i privat sektor, også skulle gjelda for offentleg sektor. Dette ville altså ikkje arbeidstakarorganisasjonane vera med på. Dette er ein gedigen tabbe! Unio og dei andre partane på arbeidstakarsida i offentleg sektor må gå i seg sjølv og snarast retta opp igjen dette feilgrepet!

Nokre tal kan illustrera kvifor: Ein arbeidstakar som har jobba ”i alle år” i 100% stilling i offentleg sektor, vil bli straffa økonomisk gjennom avkorting av tenestepensjonen (Statens pensjonskasse) dersom ho/han står i jobb lenger enn til 67 år. Dei årlege, livsvarige pensjonsutbetalingane frå Statens Pensjonskasse blir redusert med frå 40.000 til 60.000 kroner i året for dei i offentleg sektor som lar seg frista (slik regjering og storting legg opp til) til å stå i jobb frå 67 til f. eks. 70 år. Slikt lønner seg ikkje!

Kvar eg har tala frå? – Jo, gå inn på Statens Pensjonskasse sine nettsider, www.spk.no, og bruk pensjonskalkulatoren. Lykke til!

Øivind H. Solheim
Arbeidstakar i offentleg sektor, medlem SPK og fagorganisert under Unio.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar