Europeisk og norsk røyndom er det det handlar om i Simon Kuper sin artikkel i Financial Times (Norway: an Eden with wifi - FT.comwww.ft.com). Han skriv at å besøka Norge i 2011 kjennest som velstandsturisme eller jamvel ‘velstandsporno’, og han gjer det til eit poeng at det er kvinnene i Norge som er landet sin andre store ressurs (ved sida av oljen), fordi tre fjerdedelar av kvinnene har eit yrke. Det er delvis sant, og det er ei viktig konstatering at kvinnene i Norge er landet sin andre store ressurs, men det er òg litt grunt sagt når Kuper ikkje går djupare inn i temaet. Eit problem ved denne statistikken er til dømes at svært mange kvinner som gjerne vil jobba full tid ikkje få høve til det, og at kvinnene framleis er dei store pensjonstaparane i Norge akkurat på grunn av dette.
Eg hadde tenkt at dette blogginnlegget skulle handla om det store spørsmålet eg har blitt litt opptatt av, dette at vi her i landet lever på toppen av verda, på toppen av livet,. Men no merkar eg at det blir litt problemfylt å dreia fokuset dit eg ville, særleg fordi eg ikkje berre kan ha meg sjølv (mann som har jobba full stilling i mange tiår) som referanse. Som mann som har jobba full stilling i mange tiår - altså ein som passer godt inn i hovudmodellen som samfunnet har blitt innretta etter, ein person av ‘rett’ kjønn og ein som enkelte vil bruka det lite flatterande omgrepet ‘68ar’ om, ein mann som har følgt ein ‘normal´ yrkesbane og stått på jamt og trutt. Eg har ikkje vond smak i munnen eller dårleg samvit fordi eg ser at eg passer til beskrivinga over, og eg går no med rak rygg rett på sak: Vi - norske barn, kvinner og menn - vi er priviligerte på grunn av den situasjonen vi er i som nasjon. Vi har pengar på bok og i bøtter og spann, vi har vore heldige med det politiske systemet vårt og har stort sett hatt folk til på styra dei felles ressursane som har forvalta det ansvaret brukbart eller godt. Blant anna derfor er vi der vi er i dag, og det er her det kviler eit spesielt ansvar på oss til å avklara for oss sjølve og for dei omkring oss kvar vegen vidare skal gå. Og akkurat det er slett ikkje enkelt. Ikkje fordi vi ikkje veit i kva retning vi bør gå og med kva for mål, men fordi det ligg i sjøve saka at dei vi vil oppdra til det rette, ungane våre som vi løftar den formanande peikefingeren til, dei reagerer oftast stikk motsett når dei repliserer verbalt: «Ikke gjør som mora di sier, Jens!»
Den største og viktigaste samfunnsoppgåva i dag - den ligg ikkje hos dei mektige personane i det politiske sentrum i samfunnet vårt, den ligg faktisk hos deg og meg, hos lærarane i skuleverket, hos personellet i helsevesenet - og framfor alt hos mødrene og ferdane i familiane, desse som alle står i førstelinjeteneste når dei unge skal påverkast og formast. Påverkast og formast - til framtidstru, realisme og pågangsmot. ‘Never say no. Say yes, I can!’ (motto lansert mange år før den amerikanske presidenten begynte valkampen sin!)