onsdag 16. november 2011

På toppen av livet


Eg smiler inni meg, her eg sit, i sofaen på hytta og nyt desse dagane åleine, med jobblista fylt med flust av oppgåver å utføra, noko som altså er ei vasstett rettferdiggjering av dette ego-opphaldet på 6 dagar heilt for meg sjølv. Kva skulle eg då vera misfornøgd med, eg? Eg, som har kome farleg nær pensjonsalder etter kvart, og som har vore heldig å ha ein jobb eg trivst godt med, ein ditto familie og god helse. Eg kan smila inni meg, for eg ser ingen store ytre farar som kan truga meg. Sjølv om eg såklart veit at det farlege, det trugande og det øydeleggande kan vera der når som helst i livet mitt, katastrofen kan koma dettande ned i hovudet på meg når som helst, i form av ei dårleg melding om helstetilstanden, kreft for eksempel, eller om at noko fælt skjer eller har skjedd i den nærmaste kretsen, familien min. Slikt har hendt før, og det kan skje igjen, det veit alle.
Eg ser med litt undring på den avgåtte partileiaren frå Frp., eg tenker på det fordi det er på nyheitene i dag. Han som har valt for fleire år sidan å trø tilbake og overlata dei viktige oppgåvene og rollene til yngre partifeller. No har han prøvd å koma tilbake i nye verv, berre for å merka at han strir mot sterke krefter, yngre krefter i det same partiet, krefter som vil opp og fram. Og då er det eit tapsprosjekt å prøva å trenga seg inn på banen igjen, i form av ein slags sjuande far i huset som tørstar etter posisjonar og verv som skal gi fornya makt og innflytelse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar