torsdag 17. november 2011

På toppen av livet; Europeisk og norsk røyndom

Eg ser rundt meg. Atter inne i stova på hytta, med store flammar i peisen etter ein dag ute med diverse ærend, så som å ta imot handverkarar vi har bestilt til å utføra servicejobbar i hytta, tur opp til toppen av fjellet, fotografering av utsikt frå toppen, sveitt vandring tilbake i stivfrosen høgfjellsnatur der snøen enno ikkje har lagt seg; seinare snekring inne for å få bygd ferdig ein badstubenk, slik at vi (familien) denne vinteren om sider kan ta i bruk badstua som følgde med i hyttekjøpet. 
Eg ser rundt meg. Alt ser ut til å vera i orden. I livet mitt. I landet mitt, Norge, langt nord i Europa, langt ifrå dei sentrale delane av verdsdelen vår, der alt langt ifrå ser ut til å vera i orden. 
Eg tenker at eg er heldig, her eg sit med ei vekes fri frå jobben, opparbeidd ved at eg har jobba inn dei dagane tidlegare i haust, slik at eg no kan vera her og konsentrera meg om europa-prosjekta mine. Og om å lytta, kjenna farten minka, roa senka seg innvendig. Det er eit privilegium å få lov til å oppleva dette. Dagar åleine på ei flott hytte, heilt konkrete oppgåver å utføra, smelta saman med dei daglege, vante rutinane. Å stå opp og laga frukost, planlegga dagen, gjera det som planane seier, koma gjennom dagen til ettermiddagen og kvelden: middagslaging, snekring, middagseting. Alltid med radioen på når eg er inne. 
Ein superb følgjesvein, denne  radioen, denne musikken og desse stemmene som alltid er i rommet og som følgjer meg med det dei har å seia. I dag snakka dei blant anna om tv-programmet Trekant frå i går kveld (eit program som eg aldri har sett) der NRK hadde vist ei kvinne frå USA (neidå, dei kunne ikkje ha ei norsk kvinne, det ville vel ha vore for hard (!) kost! - men takk for det, spar oss for dei norske kjendisnymfene!) som ordna seg orgasme med kameraet plassert opp mellom beina sine. Radioen gav meg lyden av dama då det gjekk for henne, og det høyrdest jo greitt ut det, ja, meir enn det, det var jo vakkert nok, men ikkje eineståande, sikkert objektivt sett ein fin orgasme og blablabla, blablabla. Men kvifor i all verda må dette filmast og sendast på tv? Er det underhaldning eller folkeopplysning eller begge delar? Eller ingen ting? Sikkert det, det eine eller det andre, men likevel. Eg heng ikkje lenger med i svingane. Korleis er det med det etiske i dette? Er dette også estetisk bra - eg meiner når vi ser på det faktumet at vi alle er sjølvstendige, suverene individ, med krav på å bli møtt med respekt, også i det offentlege rommet, og tv sender programma sine via sin einvegs teknologi inn i stova til oss, til barna våre og til tante Olivia og svigermor og til onkel Jan-Fredrik med dei skitne tankane vi alle veit han har, og til deg og meg, med dei tankane du og eg har? 
Eg skal ikkje kasta skit på fiktive familiemedlemmer (ja, i dag, 17.november då biografen K.O.Knausgård gir ut Min Kamp 6 - ja, det handlar om etikk, det óg), så eg spør: Kva er då eigentleg vitsen med dette NRK-klitoris og sexopplegget, bortsett frå å krabba over barrierar, og å bryta enkelte puslete tabu? For er det ikkje eigentleg dette det dreiar seg om. Eg trur at enkelte ‘flinke’ personar som skal gjera karriere ved hjelp av ‘kreative‘ idear og ditto konsept skaffar seg tilgang til middel (=media) som kan promotera dei. Dei har ein meir eller mindre god ide som dei lykkast i å fremja (dvs i språket deira: å ‘selja’) , å promotera og å senda ut til publikum i heile landet. Flinkt - men heller ikkje meir. Og uestetisk. Nei, eg blir så lei det der. Grundig lei det der. Blir så lei meg, eigentleg.
Men det var jo ikkje dette det skulle handla om. Det var om europeisk og norsk røyndom eg skulle skriva - etiske og estetiske sider ved det temaet, men kanskje var det nettopp dette eg var borti no?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar