torsdag 15. mars 2018

Denne overgangen - hav av tid

Den første tida etter at eg hadde slutta i jobb var litt som i ei tåke. Eg hadde naturlegvis sett det koma, men eg kan ikkje seia at eg hadde laga meg ein strategi for korleis eg skulle handtera det. 

Dei første vekene etter at eg var blitt pensjonist opplevde eg på ein måte som litt flytande. Sjølve dette ordet - pensjonist - var eit ord som eg inni meg, i det ubevisste, skauv unna. Og dette var nok eit symptom, ein indikator på at ikkje alt var heilt på stell i meg.

Dei første vekene etter at eg slutta i jobb sov gjerne eg utover formiddagen. Det var liksom eit fjell av søvn som eg hadde behov for å klatra og ta kontroll over. Innimellom tenkte eg på det. Dette som skulle vera livet mitt heretter, utan jobb å gå til, og all tida eg skulle få disponera sjølv! Kva skulle eg fylla denne tida, dette ubestemmelege tomrommet med?

Det var i grunnen ingen stor dramatikk knytt til dette. Ingen ting var uføresett, ingen ting kom eigentleg uventa på meg. Eg kunne unna meg den sjeldne luksusen å ta det heilt med ro, å berre la tida flyta og å la sinnet og kroppen flyta i tida, akkurat slik det passte meg.

Om morgonen kunne eg vakna, kanskje høyrde eg at dei andre stod opp og gjorde seg klar til å møta den nye dagen, på jobb eller skule.

Eg kunne bli liggande i senga, sova vidare der, la meg gli inn i den milde og lune morgonsøvnen. Eg kunne ta ei bok frå nattbordet og lesa vidare frå kvelden før. Eller eg kunne ta fram telefonen eller datamaskinen og sjekka nyheiter og e-post.  

Det var ingen brå overgang. Faktisk var det ein langsam prosess, denne overgangen til eit tilvære i nye tidsrammer.

Eg kunne stå opp, ta på meg treningsklede og gå eller springa ein tur. Eller eg kunne ta sykkelen og sykla utover mot Hordvikneset og over brua. Eg kunne ta bilen og køyra ein stad, finna på noko banalt eller noko heilt nytt. Som å gå turar i byfjella med likesinna i regi av Bergen Turlag, som å køyra til kjøpesenteret og trilla ei handlevogn formålslaust mellom reolane inne i det store supermarkedet, og til slutt gå ut gjennom kassen til bilen med handleposar tunge av drikke og matvarer.

Det tok litt tid å venna seg til dette nye. Om morgonen og formiddagen var det berre eg i huset. I mange timar var huset tomt for alle dei som vanlegvis skaper liv der, med unntak av meg, som lenger ikkje hadde noko fast på gå til, jobb eller skule. 

Eg skal innrømma at det vart ein del timar som kan sjå ut som bortkasta. Eg kunne vandra frå rom til rom, eg såg ut over fjorden, såg det gråe skylaget over landet lenger nord, eg såg at det var kome litt snø på fjelltoppane. Eg sette meg på kjøkenet, laga meg kaffi, litt formiddagsmat. Ja, eg innrømmer det, eg var på kanten til å kjeda meg, eg mangla meiningsfylte alternativ til det å skrolla ned og opp på nettsider etter dei siste nyheitene. 

Det tok litt tid før eg såg det klart. Eg var komen til eit stadium, på ein stad i livet der rammevilkåra var vesentleg endra, og der kanskje den største og mest merkbare endringa var tida. 

Og eg gjorde ei interessant oppdaging. Eg merka at tida var der for meg, at det ikkje hasta slik som før med alt. Eg vart klar over at eg hadde hav av tid framfor meg og rundt meg. Eg var faktisk komen til eit punkt i livet eller ein tilstand i tilværet der eg rett og slett var priviligert!


Ha ein fin dag! :) Og del gjerne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar