søndag 26. desember 2010

Kva er det med Odda (”Riv heile skiten”)?

I 1870 reiv dei den gamle steinkyrkja på Almerket for å erstatta den med ei kyrkje bygd i tre. Trekyrkja står der framleis, men er ikkje så oppsiktsvekkande vakker at ho den dag i dag forsvarer å ha fortrengd den gamle, frå 1300-talet.

I 1972 reiv dei Folkets Hus, eit monument over mange tiår med hardt fabrikkslit og fagforeiningsarbeid, og erstatta den bygningen med kooperasjonen sitt nye, flotte kjøpesenter.

I 1977 reiv dei gamle Hotel Hardanger, den største trebygningen i sveitsarstil i Nord-Europa. Den erstatta dei med ein steinpark.

Frå 2003 gjekk dei i gang med å riva smelteverket. Til no har dei klart å få bort ovnshus 1, ovnshus 2, kjølehallen og ei rekkje andre meir eller mindre ’stygge’ bygningar. Førebels har dei ikkje erstatta det rivne med noko som helst, men det seiest at det skal koma eit stort kjøpesenter der. Og riksveg tvers gjennom tomta.

I 2010 vedtok dei ein reguleringsplan for smelteverkstomta som fekk riksantikvaren til å ta Odda ut av regjeringa sin søknad om verdsarvstatus. Det er nesten for utruleg til å vera sant. Men det er visst sant. Odda hadde kome i posisjon til å søka om å få verdsarvstatus som industristad, og så er det nokon som forkludrar alt saman ved å leva og handla etter denne merkelege regelen ”Riv heile skiten” (sagt om bygningsmassen på smelteverkstomta).

Er dei kloke, dei som styrer i Odda? Er dei kloke nok til å ta ansvar for arven frå fortida? Er dei kloke nok til å ha ansvar for framtida for Odda? I om lag hundre år var Odda ein stad der naturressursar gjorde det mogeleg for kapitalkrefter, ingeniørar, arbeidarar og familiane deira å bygga opp eit nytt samfunn og å driva pionerverksemder innanfor industrien. I hundre år levde og voks Odda-samfunnet, og vart til det det er i dag – delvis eit eks-industrisamfunn som leitar etter den nye identiteten sin. Frå heile dette tidsspennet finst det massevis av spennande stoff om store og små hendingar og om livet i Odda, som enkeltpersonar og organisasjonar har gjort verdifullt arbeid med å leita fram, ta vare på og dokumentera. Smelteverket i Odda står sentralt i alt dette, som industriverksemd, som arbeidsplass og som inntektskjelde som gav hus, mat, klede og varme til hundretals av familiemedlemmer opp gjennom 1900-talet. Er dette verdifullt? Bør dette takast vare på?

Odda har også ei interessant historie frå tida før industrialiseringa, den siste delen av 1800-talet. Kan denne epoken gi Odda råd i dag om vegen vidare? Kan det vera slik at det kanskje ikkje er det beste å riva heile ”skiten” på smelteverkstomta for å bygga stort kjøpesenter og riksveg tvers gjennom? Kan det henda at det ikkje kjem stort fleire handlekundar til det planlagde store nye kjøpesenteret enn det er i Odda i dag, rett og slett fordi dei store kundemassane bur for langt unna Odda? Kunne det vera ein idé at dei styrande tenkte på nytt gjennom den lite tenkte motstanden sin mot verdsarvsaka? Skulle ordføraren som første sak på nyåret samla alle dei som har plass i kommunestyresalen i Odda og sjå på saka med friske auga, og prøva å sjå framover? Kan det henda at kommunestyret skulle revurdera dei negative holdningane sine til det spenstige prosjektet om ein plass på verdsarvlista?

Kva om framtida for Odda kan bli ein parallell til det som var på 1800-talet, då turistar i hopetal frå heile Europa reiste til Odda for å sjå og oppleva den storslåtte naturen? Kan det henda at industrimuseum og opplevingssenter i dei gamle fabrikkbygningane, kultursenter, litteraturhus, nytt Hardanger Hotell i sveiteserstil på kaien i Odda, gondolbane til Freimstølen, og kjøpesenter på smelteverkstomta i litt mindre skala, kan vera vegen å gå? Kunne det vera ein tanke å arbeida på nytt for å få Odda inn igjen i regjeringa sin søknad om verdsarvstatus for Odda, saman med Tyssedal, Rjukan og Notodden?

Ja, kva er det med Odda, tru? Eg meiner, hos dei som styrer? – Er det berre vanetenking, ”riv heile skiten”, vankunne og vanry? Eller finst det noko meir?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar