fredag 4. mai 2012

Fredag morgon, koffertane er nesten ferdig pakka og i går fekk vil til og med tilbake passa våre med visum til Kina! Ein viktig lærdom har vi allereie fått: bestilla visum i god tid (fleire veker før avreise!). Vi var ute i siste liten, og oppdaga at det ikkje lenger går an å senda visumsøknad pr post eller elektronisk til den kinesiske ambassaden. Vi måtte alliera oss med eit firma i Oslo som tar seg av å levera søknad på ambassaden og henta ferdige pass med visum. Det kosta flesk, men vi kom i mål!

Å reisa som turist til verdas mest folkerike land, på andre sida av jordkloden, er ei ny oppleving for oss begge. Ikkje veldig skummelt (folk har reist dit før oss), kanskje heller ikkje veldig spesielt. Men forventninga er blant anna å oppleva på nytt dette som ein på fransk kan kalla "dépaysement" - å bli rykt ut av dei vanlege rammene for livet, å vera midt i noko totalt annleis og framandt. Kanskje det gir nye tankar, nye kjensler, ny inspirasjon?

Vel, forventningane til akkurat det er ikkje skyhøge, men -.  Om nøyaktig seks timar lettar flyet frå Flesland, vi er snart i gang!

tirsdag 1. mai 2012

Beijing neste

Kari Anne og eg stikk snart av frå alt det kjende og kjære. Om fire dagar reiser vi ut av landet, berre vi to, under påskot om at vi har vore gift i 25 år - såkalla sølvbryllup.

Vel - eit høve til å koma seg bort litt, og kanskje til å samla seg og tankane. Og fokusera på andre ting enn det som vi ellers alltid har framfor oss i kvardagane.

Eg tenkte først på New York, men så dukka tanken på Beijing opp - og den freista meir. Så 4. mai reiser vi utover til Flesland, der vi set oss på flyet til Amsterdam, og frå Amsterdam går det vidare i jetfart til Beijing.

Eg har tenkt å skriva og å legga ut bilde frå desse dagane, så får dei som har lyst, følgja med litt.

Takk alt no til Henriette og til mor som stiller opp heime, og tar ansvar for plikter som vi ikkje berre kan reisa ifrå der heime!

lørdag 21. januar 2012

StorySavers ... Tell your Story, Make History


Odda har i mange år hatt folk som er intenst opptatte av å ta vare på den nære historia til byen og bygdene rundt, og folk i Odda har ikkje minst dei siste ti åra vist eit enormt engasjement i forhold til den nære historia vår.

I desse dagar sluttfører eg saman med gode partnarar frå seks andre europeiske land (Frankrike, Hellas, Irland, Polen, Tsjekkia og Wales) skrivinga av ein felles søknad om eit Grundtvig partnarskap, Storysavers... Tell your Story, Make History. Dette er eit prosjekt finansiert av EU der vi har bruk for gode samarbeidspartnarar i Odda. 
Prosjektet er eit Grundtvig læringspartnarskap som går over to år, frå august 2012 til juli 2014. I eit Grundtvig læringspartnarskap er det ingen store krav til sluttprodukt/resultat. Læring er det det er fokus på, men det må likevel seiast at slik det ser ut no har vi skrive ein særs ambisiøs og innhaldsrik søknad. Vi skal i løpet av dei to åra besøka alle partnarorganisasjonane. I Norge skal vi legga prosjektmøtet til Odda (hausten 2012) der vi håper å få til eit samarbeid med lokale folk som kan bidra med forteljingar som vi vil skriva ned og også ta vare på digitalt for å sikra materialet for framtida. Som metodar for å ta vare på forteljingane har vi tenkt på nedskriving, lyd og bildeopptak ved hjelp av mobil såvel som ved hjelp av meir teknisk avanserte verktøy. Vi ser for oss at ein god måte å få fram og ta vare på forteljingar på, kan vera å engasjera ungdommar som intervjuar eldre. Kanskje kan elevar og lærarar i skulane i Odda her vera aktuelle deltakarar? Vi ser også for oss at organisasjonar som N.V.I.M., Odda Mållag og biblioteket i Odda vil vera sentrale aktørar i dette.
Vi har i prosjektgruppa diskutert ulike former for publisering, frå websider og blogg, digital bok med eksempel på forteljingar og forteljeteknikkar frå alle landa, til ei trykt bok med det same innhaldet, og bruk av sosiale media. 
Mykje av ideen med prosjektet dreiar seg om å skapa kommunikasjon, og å bygga bruer mellom generasjonane.
Det vi treng frå Odda-folk, er altså ei gruppe som kan stilla opp og vera med og gjennomføra eit prosjektmøte hausten 2012 der vi gir eksempel på storytelling i Odda, og seier noko om korleis ein i Odda prøver å ta vare på forteljingar frå lokalhistoria.

Ein del av dei som deltar lokalt frå Odda vil få tilbod om å vera med på tur ut i Europa, ettersom vi skal besøka kvar av dei andre organisasjonane og høyra/sjå kva dei kan by fram. Alle utgifter til reise og opphald på desse turane blir dekte av prosjektmidlane. 
(Og alt som er sagt sjølvsagt med atterhald om at vi lykkast med søknaden og får prosjektet!)
Vil du vita meir om dette? - Ta kontakt med Øivind H. Solheim, e-post oivindsolheim@gmail.com, mobil 90062324.

mandag 5. desember 2011

Dette må du få med deg

Eg er på veg heim frå kontaktseminar i Alden Biesen i Belgia, der temaet har vore storytelling. Eg drista meg i økta etter den avsluttande middagen frampå som ein av fleire storyforteljarar, og det var faktisk litt moro.


Når det gjeld det planlagde prosjektet om storytelling ser eg gode koplingar til heimstaden min, Odda, og personar og den lokale historia der. Eg kjem til å ta kontakt med folk der som kanskje kan delta i prosjektet Storysavers - Tell your story - make history.


Stoppestad på vegen heim er Brussel, og der dreiv eg og slappa av med videoar på YouTube med Paul Simon. Og då dukka plutseleg denne videoen opp, eg må berre tilstå det - eg vart heilt slått ut, denne bør du absolutt sjå (det handlar blant anna om storytelling) :). 
Homeless Boy Steals The Talent Show 

lørdag 19. november 2011

På toppen av verda: ‘The world now wishes it were Norway’

Europeisk og norsk røyndom er det det handlar om i Simon Kuper sin artikkel i Financial Times (Norway: an Eden with wifi - FT.comwww.ft.com). Han skriv at å besøka Norge i 2011 kjennest som velstandsturisme eller jamvel ‘velstandsporno’, og han gjer det til eit poeng at det er kvinnene i Norge som er landet sin andre store ressurs (ved sida av oljen), fordi tre fjerdedelar av kvinnene har eit  yrke. Det er delvis sant, og det er ei viktig konstatering at kvinnene i Norge er landet sin andre store ressurs, men det er òg litt grunt sagt når Kuper ikkje går djupare inn i temaet. Eit problem ved denne statistikken er til dømes at svært mange kvinner som gjerne vil jobba full tid ikkje få høve til det, og at kvinnene framleis er dei store pensjonstaparane i Norge akkurat på grunn av dette.

Eg hadde tenkt at dette blogginnlegget skulle handla om det store spørsmålet eg har blitt litt opptatt av, dette at vi her i landet lever på toppen av verda, på toppen av livet,. Men no merkar eg at det blir litt problemfylt å dreia fokuset dit eg ville, særleg fordi eg ikkje berre kan ha meg sjølv (mann som har jobba full stilling i mange tiår) som referanse. Som mann som har jobba full stilling i mange tiår - altså ein som passer godt inn i hovudmodellen som samfunnet har blitt innretta etter, ein person av ‘rett’ kjønn og ein som enkelte vil bruka det lite flatterande omgrepet ‘68ar’ om, ein mann som har følgt ein ‘normal´ yrkesbane og stått på jamt og trutt. Eg har ikkje vond smak i munnen eller dårleg samvit fordi eg ser at eg passer til beskrivinga over, og eg går no med rak rygg rett på sak: Vi - norske barn, kvinner og menn - vi er priviligerte på grunn av den situasjonen vi er i som nasjon. Vi har pengar på bok og i bøtter og spann, vi har vore heldige med det politiske systemet vårt og har stort sett hatt folk til på styra dei felles ressursane som har forvalta det ansvaret brukbart eller godt. Blant anna derfor er vi der vi er i dag, og det er her det kviler eit spesielt ansvar på oss til å avklara for oss sjølve og for dei omkring oss kvar vegen vidare skal gå. Og akkurat det er slett ikkje enkelt. Ikkje fordi vi ikkje veit i kva retning vi bør gå og med kva for mål, men fordi det ligg i sjøve saka at dei vi vil oppdra til det rette, ungane våre som vi løftar den formanande peikefingeren til, dei reagerer oftast stikk motsett når dei repliserer verbalt: «Ikke gjør som mora di sier, Jens!»
Den største og viktigaste samfunnsoppgåva i dag - den ligg ikkje hos dei mektige personane i det politiske sentrum i samfunnet vårt, den ligg faktisk hos deg og meg, hos lærarane i skuleverket, hos personellet i helsevesenet - og framfor alt hos mødrene og ferdane i familiane, desse som alle står i førstelinjeteneste når dei unge skal påverkast og formast. Påverkast og formast - til framtidstru, realisme og pågangsmot. ‘Never say no. Say yes, I can!’ (motto lansert mange år før den amerikanske presidenten begynte valkampen sin!)

torsdag 17. november 2011

På toppen av livet; Europeisk og norsk røyndom

Eg ser rundt meg. Atter inne i stova på hytta, med store flammar i peisen etter ein dag ute med diverse ærend, så som å ta imot handverkarar vi har bestilt til å utføra servicejobbar i hytta, tur opp til toppen av fjellet, fotografering av utsikt frå toppen, sveitt vandring tilbake i stivfrosen høgfjellsnatur der snøen enno ikkje har lagt seg; seinare snekring inne for å få bygd ferdig ein badstubenk, slik at vi (familien) denne vinteren om sider kan ta i bruk badstua som følgde med i hyttekjøpet. 
Eg ser rundt meg. Alt ser ut til å vera i orden. I livet mitt. I landet mitt, Norge, langt nord i Europa, langt ifrå dei sentrale delane av verdsdelen vår, der alt langt ifrå ser ut til å vera i orden. 
Eg tenker at eg er heldig, her eg sit med ei vekes fri frå jobben, opparbeidd ved at eg har jobba inn dei dagane tidlegare i haust, slik at eg no kan vera her og konsentrera meg om europa-prosjekta mine. Og om å lytta, kjenna farten minka, roa senka seg innvendig. Det er eit privilegium å få lov til å oppleva dette. Dagar åleine på ei flott hytte, heilt konkrete oppgåver å utføra, smelta saman med dei daglege, vante rutinane. Å stå opp og laga frukost, planlegga dagen, gjera det som planane seier, koma gjennom dagen til ettermiddagen og kvelden: middagslaging, snekring, middagseting. Alltid med radioen på når eg er inne. 
Ein superb følgjesvein, denne  radioen, denne musikken og desse stemmene som alltid er i rommet og som følgjer meg med det dei har å seia. I dag snakka dei blant anna om tv-programmet Trekant frå i går kveld (eit program som eg aldri har sett) der NRK hadde vist ei kvinne frå USA (neidå, dei kunne ikkje ha ei norsk kvinne, det ville vel ha vore for hard (!) kost! - men takk for det, spar oss for dei norske kjendisnymfene!) som ordna seg orgasme med kameraet plassert opp mellom beina sine. Radioen gav meg lyden av dama då det gjekk for henne, og det høyrdest jo greitt ut det, ja, meir enn det, det var jo vakkert nok, men ikkje eineståande, sikkert objektivt sett ein fin orgasme og blablabla, blablabla. Men kvifor i all verda må dette filmast og sendast på tv? Er det underhaldning eller folkeopplysning eller begge delar? Eller ingen ting? Sikkert det, det eine eller det andre, men likevel. Eg heng ikkje lenger med i svingane. Korleis er det med det etiske i dette? Er dette også estetisk bra - eg meiner når vi ser på det faktumet at vi alle er sjølvstendige, suverene individ, med krav på å bli møtt med respekt, også i det offentlege rommet, og tv sender programma sine via sin einvegs teknologi inn i stova til oss, til barna våre og til tante Olivia og svigermor og til onkel Jan-Fredrik med dei skitne tankane vi alle veit han har, og til deg og meg, med dei tankane du og eg har? 
Eg skal ikkje kasta skit på fiktive familiemedlemmer (ja, i dag, 17.november då biografen K.O.Knausgård gir ut Min Kamp 6 - ja, det handlar om etikk, det óg), så eg spør: Kva er då eigentleg vitsen med dette NRK-klitoris og sexopplegget, bortsett frå å krabba over barrierar, og å bryta enkelte puslete tabu? For er det ikkje eigentleg dette det dreiar seg om. Eg trur at enkelte ‘flinke’ personar som skal gjera karriere ved hjelp av ‘kreative‘ idear og ditto konsept skaffar seg tilgang til middel (=media) som kan promotera dei. Dei har ein meir eller mindre god ide som dei lykkast i å fremja (dvs i språket deira: å ‘selja’) , å promotera og å senda ut til publikum i heile landet. Flinkt - men heller ikkje meir. Og uestetisk. Nei, eg blir så lei det der. Grundig lei det der. Blir så lei meg, eigentleg.
Men det var jo ikkje dette det skulle handla om. Det var om europeisk og norsk røyndom eg skulle skriva - etiske og estetiske sider ved det temaet, men kanskje var det nettopp dette eg var borti no?

onsdag 16. november 2011

På toppen av livet


Eg smiler inni meg, her eg sit, i sofaen på hytta og nyt desse dagane åleine, med jobblista fylt med flust av oppgåver å utføra, noko som altså er ei vasstett rettferdiggjering av dette ego-opphaldet på 6 dagar heilt for meg sjølv. Kva skulle eg då vera misfornøgd med, eg? Eg, som har kome farleg nær pensjonsalder etter kvart, og som har vore heldig å ha ein jobb eg trivst godt med, ein ditto familie og god helse. Eg kan smila inni meg, for eg ser ingen store ytre farar som kan truga meg. Sjølv om eg såklart veit at det farlege, det trugande og det øydeleggande kan vera der når som helst i livet mitt, katastrofen kan koma dettande ned i hovudet på meg når som helst, i form av ei dårleg melding om helstetilstanden, kreft for eksempel, eller om at noko fælt skjer eller har skjedd i den nærmaste kretsen, familien min. Slikt har hendt før, og det kan skje igjen, det veit alle.
Eg ser med litt undring på den avgåtte partileiaren frå Frp., eg tenker på det fordi det er på nyheitene i dag. Han som har valt for fleire år sidan å trø tilbake og overlata dei viktige oppgåvene og rollene til yngre partifeller. No har han prøvd å koma tilbake i nye verv, berre for å merka at han strir mot sterke krefter, yngre krefter i det same partiet, krefter som vil opp og fram. Og då er det eit tapsprosjekt å prøva å trenga seg inn på banen igjen, i form av ein slags sjuande far i huset som tørstar etter posisjonar og verv som skal gi fornya makt og innflytelse.